Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEikås, Magne
dc.contributor.authorGudmundsdottir, Svanhildur
dc.contributor.authorKollbotn, Olina
dc.contributor.authorMelhus, Alf Tor
dc.contributor.authorÅrethun, Torbjørn
dc.date.accessioned2013-11-05T12:32:30Z
dc.date.available2013-11-05T12:32:30Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/149605
dc.descriptionSogndal, 15. mai 2012no_NO
dc.description.abstractDenne rapporten er ei etterevaluering av prosjektet Nye Vegar i Høyanger kommune. Prosjektet vart sett i gong i april 2010. Bakgrunnen var at industribedrifta Fundo, som hadde over 300 tilsette, gjekk konkurs i februar 2009. Eit år etter denne konkursen var det framleis over 100 arbeidsledige i Høyanger kommune. For å kunne hjelpe denne relativt store gruppa tilbake til arbeid og aktivitet, innsåg NAV Sogn og Fjordane og Høyanger kommune at det måtte setjast inn ekstraordinære ressursar, og takast i bruk utradisjonelle arbeidsmetodar. Dei valde då å skilje dette arbeidet ut frå det ordinære NAV-kontoret og etablere eit eige prosjekt i eigne lokale i Høyanger sentrum. Prosjektet har hatt 5,9 stillingar og vore sett saman av personar med ulik, variert og utfyllande kompetanse. Målet for prosjektet var å få minst 50 av dei arbeidsledige i arbeid eller kvalifisering i løpet av prosjektperioden, som i utgangspunktet var 2 år. I desember 2011 vart prosjektet avslutta. Ved prosjektslutt var 69 av dei 86 deltakarane det finst opplysningar om i arbeid. Dette utgjorde i overkant av 80 prosent av målgruppa. 59 av prosjektdeltakarane hadde på same tidspunkt løn frå arbeid som hovudinntektskjelde. Dette utgjorde i overkant av 68 prosent av målgruppa. Ut frå begge desse kriteria har prosjektet levert eit resultat som er langt over måltala. Prosjektet vart avslutta tre månadar tidlegare enn planlagt, noko som også er ein indikasjon på at prosjektet har hatt ei god måloppnåing. Evalueringa viser at dei gode resultata kan forklarast ut frå fleire forhold. Det har vore av stor betyding for måloppnåinga at prosjektet har vore skild ut frå det ordinære NAV- kontoret i eit eige lokale (Huset i Elvegata). Huset har fungert svært godt som ein sosial møteplass og lågterskeltilbod, samstundes som huset si fysiske utforming har gjort det mulig å drive både med gruppeoppfølging, individuell oppfølging og jobbsøking i eit eige datarom. Prosjektet har hatt eit tydeleg mål og tilstrekkeleg med resursar til å kunne nå dette. Ein dyktig prosjektleiar har medverka til å bygge eit godt og samansveisa team som har utvist stor grad av fleksibilitet i arbeidet, og der brukaren alltid har stått i sentrum. Prosjektgruppa har teke i bruk fleire utradisjonelle arbeidsmetodar som har medverka til måloppnåing. Dei har brukt likemenn og sosiale aktivitetar i arbeidet for å skape likeverdige relasjonar, og dei har i stor grad brukt sms meldingar som kommunikasjonsform. Dette har letta arbeidet med å få kontakt med enkelte brukarar som ikkje opnar brev med NAV sin logo. Prosjektgruppa har også vore proaktive i høve til potensielle arbeidsgjevarar. Bedrifter har blitt inviterte inn til Huset i Elvegata for å orientere om kva dei treng av arbeidskraft, og dei tilsette har gått langt i å gjere ei kvalifisert utveljing av dei kandidatane som dei meiner kan passe til den enkelte bedrift. I rapporten vert ordet skreddarsaum nytta for å karakterisere dette arbeidet. Mange av desse arbeidsmetodane kan truleg overførast til ordinære NAV – kontor, dersom dei ressursmessige og fysiske rammevilkåra er gode nok. Den prosjektorganiseringa som partnarskapen (NAV og Høyanger kommune) valde for å løyse dei ekstraordinære utfordringane med dei langtidsledige, kan truleg overførast til andre kommunar som kjem opp i ein liknande situasjon som den Høyanger kommune opplevde i 2009. Evalueringa viser at forankring og oppfølging frå toppleiing var ein viktig faktor for prosjektet. Rapporten konkluderer med at ein viktig føresetnad for at ”Nye vegar” har lukkast, er at prosjektorganiseringa har gitt rammevilkår som har bidratt til at dei tilsette har fått tilstrekkeleg tid og rom til å bli kjende med den enkelte brukar, og gjennom dette kunne dei arbeide med skreddarsydde løysingar. Dette er eit relasjonelt aspekt ved oppfølgingsarbeidet som kjem tydeleg fram som positivt i evalueringa, og som ser ut til å ha gitt utteljing i måten brukarane har greidd å gjere seg nytte av hjelpa. Dei tilsette på si side har gjennom dei positive relasjonane til brukarane fått ei oppleving av å utgjere ein forskjell. Dette er i seg sjølv ein motiverande faktor i alt hjelpearbeid. Kombinasjon av gruppeoppfølging og individuell oppfølging har vore positiv, og det har vore viktig at det har vore kontinuitet i oppfølginga. Med tanke på overføringsverdi til NAV kontor, så kan det ut frå desse funna synast viktig at kontora organiserer seg slik at det blir gitt tid og rom til å jobbe tett opp mot brukarane, sjølv i høve brukargrupper som ein vanlegvis vil rekne som ressurssterke. Prosjektet sine resultat viser at dette er ein kvalitativ og kvantitativ effektiv måte å arbeide på.no_NO
dc.description.sponsorshipDenne evalueringa av prosjektet ”Nye vegar” er gjort på oppdrag av NAV Sogn og Fjordane og Høyanger kommune, og finansiert av oppdragsgjevarane.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.relation.ispartofseriesHSF-rapport; 3/2013
dc.titleEvaluering av NAV prosjektet ”Nye vegar” i Høyangerno_NO
dc.typeResearch reportno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel