Kompetanseutvikling under press : erfaringar til sjukepleieleiarar etter omorganisering av sjukehusa
Journal article, Peer reviewed
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/149375Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Naustdal, A.-G. (2010). Kompetanseutvikling under press- erfaringar til sjukepleieleiarar etter omorganisering av sjukehusa. Sykepleien forskning, 5(4), 286-292Sammendrag
Bakgrunn: Raske omstillingar og ny medisinsk utvikling gjer det nødvendig for sjukepleiarane å kontinuerleg utvikle kompetansen. Lite forsking ligg føre om korleis dagens organisering i sjukehus bidrar til å endre vilkåra for kompetanseutvikling og kompetanseleiing blant sjukepleieleiarar. Hensikt: Føremålet med artikkelen er å belyse korleis sjukepleieleiarar beskriv betydinga av fagleg leiing og kva faktorar som kan ha betyding for framtidig arbeid med kompetanseutvikling i sjukepleietenesta. Metode: Kvalitativt design. Individuelle intervju med åtte sjukepleieleiarar med ansvar for kompetanseutvikling for pleiepersonalet ved sengeavdelingar i sjukehus. Resultat: Sjukepleieleiarane såg på seg sjølv som sentrale personar for å utvikle kompetansen til dei tilsette. Tid og fokus arbeidet fekk vart i hovudsak utfordra av tidspress, omstillingsprosessar og nye administrative oppgåver. Spesielt var det vanskeleg å finne tid som stod i samsvar med oppgåvene og at mynde og arbeidsoppgåver gjekk hand i hand ved delegering av oppgåver. Sjukepleieleiarane såg ut til å stå aleine i arbeidet med kompetanseutvikling. Sjukehusa sine økonomiske og styringsideologiske rammevilkår kan ha gjort det vanskelegare å drive målretta og langsiktig kompetanseutvikling. Konklusjon: Om ein ynskjer å systematisere og målrette arbeidet med kompetanseutvikling for sjukepleietenesta, indikerar funna i studien at helseføretaka kritisk bør vurdere det faglege innhaldet i sjukepleieleiaren sitt arbeid og rolle
Beskrivelse
Originalpublisering tilgjengelig på: http://www.sykepleien.no/ikbViewer/page/sykepleien/forskning/forskningsartikler/vis?p_document_id=566857