Kvifor blir det som det blir? Ei utstilling med utgangspunkt i det å teikne med tråd
Abstract
I januar og februar 2024 hadde eg ei utstilling i biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet - Campus Sogndal. Utstillinga bar tittelen Kvifor blir det som det blir? Dette er ein del av forskingsspørsmålet som eg har arbeidd med dei tre siste år i samband med det å teikne med tråd: Kvifor gjer eg som eg gjer? Kvifor blir det som det blir? Under prosessen med arbeida har eg reflektert mykje over kvifor eg gjer som eg gjer, og i utstillinga kjendest det naturleg å stå att med siste delen av forskingsspørsmålet: Kvifor blir det som det blir? Framleis er eg i ein prosess, men utstillinga og refleksjon kring den er ein måte å samle trådane på. Eg ser på det som eit vegkryss der eg prøver å få oversikt før vegen går vidare.