Konrad Kråkebolle og dei andre fjærefantane får sin musikk: Refleksjon over utviklinga og formidling av ny musikk for barn
Working paper
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3175241Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
- HVL-Notat [43]
Sammendrag
I denne teksten vert det reflektert over eit kunstnarisk utviklingsarbeid som har som mål å skape ny musikk for barn i hovudmålgruppa 3-10 år. Arbeidet blir i denne omgang ferdig ved eit endeleg direkte møte med målgruppa, med ein konsert-turne til eit utval av HVL sine praksisbarnehagar våren 2023. Ved bruk av Aslaug Nyrnes sin teori rundt retorisk kunstfagdidaktikk, kunnskapstopologi (Nyrnes, 2012), prøver eg å reflektere over korleis dette arbeidet utviklar seg. Fokuset ligg på det produksjonsestetiske gjennom praktiske dømer, eigne erfaringar og teoretisk kopling som ulike topologiar i arbeidet. Tittelen på prosjektet er «Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar», og er utvikla av Lena Skjerdal, Erik Halvorsen og Knut Lothe som til saman utgjer trioen Kråkebollane. Musikken er sett til nynorske dikt av Lisbeth Dreyer, utgitt i bok med illustrasjonar av Per Ragnar Møkleby i 2014. Dikta og illustrasjonane er ein estetisk impuls til komponeringsarbeidet, som i seg sjølv er ei forsking i musikalsk materiale med implisitt refleksjon. (Nyrnes, 2012). Motivet med arbeidet er å møte eit behov for ny musikk for barn (Haukenes og Hagen, 2017, Rhode, 2016), spesielt på nynorsk (Skjerdal, 2017) - både som oppleving, formidla gjennom konsert og innspelt musikk, og som nytt repertoar til bruk i barnehage og på småskuletrinne
Beskrivelse
Refleksjon av kunstfaglig forskning