Lærar i møte med stille elevar
Master thesis

Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3174402Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med studien er å få innblikk i korleis lærarar opplever å arbeide med stille elevar, samt kva tiltak lærarar set i verk for at skulekvardagen skal vere god for stille elevar.
Oppgåva skal vere til nytte for lærarar og andre tilsette i skulen som arbeidar med og skal tilpasse skulekvardagen for stille elevar. For å gjere dette vart problemstillinga Kva tiltak nyttar lærarar i barneskulen for stille elevar?
Kunnskapsgrunnlaget er danna av relevant forsking og teori om stille elevar i skulen. For å svare på problemstillinga har det blitt nytta forsking rundt stille elevar, tiltak, relasjonsbygging og klassemiljø. Eit kvalitativt forskingsdesign er nytta, og ved hjelp av semistrukturert intervju vert fem lærarar frå barneskulen intervjua. I analyseprosessen vert det nytta tematisk innhaldsanalyse, og resultat som kom fram frå informantane er så drøfta opp mot teori som er gjennomgått i kunnskapsgrunnlaget.
Det verkar som informantane framhevar at stille elevar treng tryggheit og eit godt klassemiljø. Relasjonsbygging vert drege fram som viktig, men informantane syns det er utfordrande å etablere ein god relasjon. Viktige tilpassinga læraren gjer i løpet av skuledagen er å leggje til rette for tryggheit gjennom eit godt klassemiljø. Vidare nyttar lærarar vurdering av gruppesamansetjing og læringspartnar, og tilpassing ved munnlege aktivitetar, som til dømes framføring. Vurdering av sitjeplassar er også viktig tilpassing for den stille eleven. Det kjem fram kor viktig det er for elevane med tryggheit i det sosiale samspelet. det kan sjå ut som at den stille eleven treng støtte frå lærar og medelevane i det sosiale samspelet.
Beskrivelse
Masteroppgåve i spesialpedagogikk, vestlandsklasse (MGBSP550)
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag