Læring for alle i eit lærande fellesskap: Casestudie av endringsleiing ved hjelp av utviklingsprosjekt om elevar med stort læringspotensiale
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3173917Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn og formål: Bakgrunn for oppgåva er opplevinga av at elevar med stort og ekstraordinært læringspotensiale ikkje blir godt nok ivaretekne i norsk skule. Sjølv om norske læreplanar vektlegg at alle elevar skal få utvikle det fulle potensialet sitt for læring viste NOU 2016:14 «Mer å hente» at det ikkje er tilfelle. Samtidig kan ikkje enkeltlærarar endre skulen på systemnivå, og det blir difor nødvendig å studere korleis rektor og avdelingsleiarar kan bidra til å skape ein organisasjon for læring. Formålet med oppgåva er difor å lære meir om korleis rektor og avdelingsleiar kan skape endringar i organisasjonsstrukturen, slik at den fører til betre lærarsamarbeid og undervisningspraksis.
Metode: Oppgåva har eit kvalitativt design, og informasjonen blei skaffa ved hjelp av 8 intervjupersonar som blei intervjua i par. Deltakarane er vald ut ved ein kombinasjon av strategisk og tilfeldig utval. Det blei intervjua 6 lærarar og 2 leiarar. Datamaterialet blei analysert og tolka ved hjelp av tematisk analyse.
Resultat: Viktige funn frå oppgåva viser at lærarar tradisjonelt ofte har opplevd at dei ikkje får delta i avgjersle av utviklingsprosjekt, samtidig som medverknad i utforming av prosjektet er viktigare enn avgjersle av tema. Ved bruk av ekstern ekspertise må lærarane si undervisningsekspertise anerkjennast og det må sikrast at lærarane ikkje opplever at heile arbeidskvardagen skal endrast. Andre funn viser at lærarsamarbeid handlar mykje om å samarbeide om elevar og delegere oppgåver, og i mindre grad samarbeid om felles planlegging og gjennomføring av undervisning. Funn frå oppgåva samsvarer med teori som viser at norske lærarar har lite formell kompetanse om elevar med stort og ekstraordinært læringspotensiale. Lærarane i denne casen påpeika at dei hadde lite kompetanse om elevgruppa før prosjektstart, og fleire opplevde at innarbeida haldningar om korleis tilpasse og kjenne igjen elevane viste seg å vere feil. Mange av lærarane ga uttrykk for at dei hadde sett på elevar med stort og ekstraordinært læringspotensiale som synonymt med høgt presterande elevar. Eit siste viktig funn viser at undervisning som inkluderer og gir betre læring for elevar med stort læringspotensiale kan gi meir ro i klasserommet og betre læringsutbytte for alle elevane.
3
Konklusjon: Hovudfunna viser at dersom skuleleiarar skal bygge ein organisasjon for læring må dei sørge for at formål med arbeidet er tydeleg relevant for lærarane sin arbeidskvardag og inkludere lærarane i prosessen frå start til slutt. Vald tema må vare over tid og lærarane må få avsett tid til arbeidet, tid som ikkje går på kostnad av andre arbeidsoppgåver. Det må utarbeidast overkommelege mål og ny praksis må implementerast med utgangspunkt i allereie eksisterande praksis. Betre undervisningspraksis som omfattar heile skulen, og gir elevane lik undervisning uavhengig av lærar oppstår fyrst når lærarane forstår kvifor det er viktig å samarbeide om å vurdere eksisterande praksis, planlegge og gjennomføre undervisninga saman, samt evaluere og reflektere over gjennomført undervisning. Studien viser at anerkjende metodar som gir djupnelæring og gode læringsmiljø for gjennomsnittseleven, kan gi god læring også for elevar med stort læringspotensiale. Ein føresetnad er at lærarane har god kompetanse om kva som kjenneteiknar gode læringsmiljø for alle elevar, og dei må ha forskingsbasert kompetanse om korleis elevar med stort læringspotensiale lærer og agerer. Til slutt viser studien at dei 2 – 5% av elevane som har ekstraordinært læringspotensiale er vanskeleg å ivareta i ordinære klasserom. Dei lærer så mykje raskare og annleis enn andre elevar at dei treng tilbod som ikkje kan bli gitt i klasserommet.
Nøkkelord: evnerike, stort læringspotensiale, tilpassa opplæring, skule, skuleleiar, kollektiv kapasitet, profesjonsfellesskap, samarbeidslæring, utviklingsarbeid, skule og kollektiv kapasitet.
Beskrivelse
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing. Fakultet for teknologi, miljø og samfunn