Show simple item record

dc.contributor.authorAvedal, Åge
dc.date.accessioned2025-01-23T07:15:16Z
dc.date.available2025-01-23T07:15:16Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3173913
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap Handelshøgskulen HVLen_US
dc.description.abstractMålet med denne studien har vore å finne ut av korleis ein kommune har lagt opp prosessen med å utvikle frivilligpolitikk og på kva måte frivillig sektor er invitert til å medverke i politikkutviklinga. Eg har vidare sett på om den vedtekne frivilligpolitikken har vore med å legge til rette for offentleg innovasjon og nye former for samskaping. Studien er ein kvalitativ enkeltcasestudie, gjennomført i ein kommune med ein vedtatt frivilligpolitisk plattform og med politiske mål om samskaping og innovasjon. I studien går eg i djupna på ein bestemt politikkutviklingsprosess, der eg har gjort metodetriangulering med tre kvalitative teknikkar for datainnsamling: Intervju, observasjon og dokumentanalyse. Til grunn for studien ligg modellar/teoriar om den politiske stegmodellen, iverksetting, samskaping, offentleg innovasjon og magiske omgrep. Hovudfunna i studien tyder på at utviklinga av frivilligpolitikk i kommunen har endra seg noko sidan den første frivilligpolitiske plattforma vart vedtatt i 2018 og fram til vedtak av ny frivilligpolitisk plattform hausten 2024. Frivillighet Norge har bidratt aktivt i prosessen alle dei tre gongane det har blitt utvikla og vedtatt frivilligpolitikk, men kommunen tar ei større rolle på innspelsarenaene i 2024. Utviklinga av frivilligpolitikken kan bli sett på som iverksetting av idear nedanfrå, frå frivilligheita, eller ovanfrå, frå til dømes staten, KS og Frivillighet Norge. Frivillige organisasjonar er invitert til å medverke i utforminga av frivilligpolitikken, men er i mindre grad med å sette agenda, iverksette og ta del i evalueringa av politikken. Frivilligpolitikken er med å legge til rette for samskaping på lågare trinn, mellom anna gjennom frivillig innsats i offentlege tenester og innspel i offentlege prosessar. Kommunen ønskjer også å invitere til samskaping på høgare nivå, gjennom gjensidig dialog for å løyse felles utfordringar, men har ikkje utvikla institusjonelle arenaer for samarbeidande innovasjon. Studien viser at frivilligpolitikken i liten grad legg til rette for offentleg innovasjon, og at «samskaping» og «innovasjon» kan karakteriserast som «magiske omgrep» i samband med frivilligpolitikken. Nøkkelord: Frivillig sektor, kommune, lokal frivilligpolitikk, politikkutvikling, samskaping, offentleg innovasjon, magiske omgrepen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleFrivilligpolitikk: Medverknad, offentleg innovasjon og samskaping på nye måtar?en_US
dc.title.alternativeVoluntary sector policy: Participation, public innovation, and co-creation in new ways?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal