Frivilligpolitikk: Medverknad, offentleg innovasjon og samskaping på nye måtar?
Master thesis

Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3173913Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Målet med denne studien har vore å finne ut av korleis ein kommune har lagt opp prosessen med å utvikle frivilligpolitikk og på kva måte frivillig sektor er invitert til å medverke i politikkutviklinga. Eg har vidare sett på om den vedtekne frivilligpolitikken har vore med å legge til rette for offentleg innovasjon og nye former for samskaping.
Studien er ein kvalitativ enkeltcasestudie, gjennomført i ein kommune med ein vedtatt frivilligpolitisk plattform og med politiske mål om samskaping og innovasjon. I studien går eg i djupna på ein bestemt politikkutviklingsprosess, der eg har gjort metodetriangulering med tre kvalitative teknikkar for datainnsamling: Intervju, observasjon og dokumentanalyse. Til grunn for studien ligg modellar/teoriar om den politiske stegmodellen, iverksetting, samskaping, offentleg innovasjon og magiske omgrep.
Hovudfunna i studien tyder på at utviklinga av frivilligpolitikk i kommunen har endra seg noko sidan den første frivilligpolitiske plattforma vart vedtatt i 2018 og fram til vedtak av ny frivilligpolitisk plattform hausten 2024. Frivillighet Norge har bidratt aktivt i prosessen alle dei tre gongane det har blitt utvikla og vedtatt frivilligpolitikk, men kommunen tar ei større rolle på innspelsarenaene i 2024. Utviklinga av frivilligpolitikken kan bli sett på som iverksetting av idear nedanfrå, frå frivilligheita, eller ovanfrå, frå til dømes staten, KS og Frivillighet Norge. Frivillige organisasjonar er invitert til å medverke i utforminga av frivilligpolitikken, men er i mindre grad med å sette agenda, iverksette og ta del i evalueringa av politikken. Frivilligpolitikken er med å legge til rette for samskaping på lågare trinn, mellom anna gjennom frivillig innsats i offentlege tenester og innspel i offentlege prosessar. Kommunen ønskjer også å invitere til samskaping på høgare nivå, gjennom gjensidig dialog for å løyse felles utfordringar, men har ikkje utvikla institusjonelle arenaer for samarbeidande innovasjon. Studien viser at frivilligpolitikken i liten grad legg til rette for offentleg innovasjon, og at «samskaping» og «innovasjon» kan karakteriserast som «magiske omgrep» i samband med frivilligpolitikken.
Nøkkelord: Frivillig sektor, kommune, lokal frivilligpolitikk, politikkutvikling, samskaping, offentleg innovasjon, magiske omgrep
Beskrivelse
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing
Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap
Handelshøgskulen HVL