Midtvegsrapport våren 2023 Samlingsbasert Grunnskulelærarutdanning 1-7
Abstract
Hausten 2022 starta samlingsbasert Grunnskulelærarutdanning 1-7 (S-GLU) opp ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) – Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det var sett av ressursar til følgjeforsking dei to første åra. Denne midtvegsrapporten oppsummerer dei data som er samla inn gjennom studieåret 2022/2023. Prosessen er følgt av ei referansegruppe, og følgjeforskarane har hatt eit dialogmøte med utdanningsleiinga i FLKI midtvegs i studieåret for å diskutera foreløpige funn.
Rapporten svarar på følgjande spørsmål:
1) Kva erfaringar, nasjonalt og lokalt i HVL, byggjer ein på ved igangsetting av samlingsbasert grunnskulelærarutdanning?
2) Korleis erfarer dei ulike aktørane oppstart og gjennomføring av det første året av utdanninga, og kva utfordringar og moglegheiter kan identifiserast?
Det er få institusjonar som har dokumenterte erfaringar med 5-årige samlingsbaserte grunnskulelærarutdanningar, men samlingsbaserte, også kalla fleksible, utdanningar generelt er sterkt aukande og attraktive blant studentar. HVL har lang erfaring med fleksible og nettstøtta utdanningar og er i dag ein av landets største leverandør innan ordninga Kompetanse for Kvalitet (KfK). HVL tilbyr nett- og samlingsbaserte kurs i dei fleste faga i GLU. I grunnutdanninga til lærarstudentar har ein ei ordning der eitt av semestera skal gjennomførst som vestlandsklasse, det vil seia ei fleksibel tilrettelegging der ein ikkje treng møta fast på campus. HVL har støtteordningar for tilsette som ønskjer å utvikla slik undervisning. I sum gir dette HVL eit godt grunnlag for å lukkast med S-GLU.
S-GLU starta opp med 13 studentar hausten 2022, og våren 2023 er talet redusert til ni. Studentane har gjennomført eit studieår som har mykje til felles med ordinær GLU. Dei er fornøgde med tilretteleggingane HVL har gjort og har fått det tilbodet dei vart førespegla før studiestart. Studentane ønskjer likevel å auka fleksibiliteten, t.d. knytt til val av praksisskule, meir asynkron undervisning og at ein campus i hovudsak er knytt til utdanninga. I dagens modell vekslar undervisninga mellom campus Stord og campus Sogndal på dei ulike studieåra.
Prosjektleiinga og faglærarane seier at ei slik utdanning krev meir organisering og at avklaringar kring dette må på plass tidleg. Lærarane tar ansvar og gjennomfører undervisning som er tilpassa konteksten, men ønskjer meir ressursar og fleire studentar inn i faga.
Praksisfeltet har omstilt seg til utdanninga ved å ta imot enkeltstudentar i staden for grupper. Sjølv om nokre praksisskular er nye, er praksislærarane positive til utdanningsmodellen og til studentane dei har møtt, og praksisskulane synest HVL følgjer godt opp.
Rapporten vert oppsummert med nokre tilrådingar for arbeidet vidare med SGLU, og desse er knytt til følgjande punkt:
1) Kvalitetsarbeid i eit heilt studieprogram som S-GLU er omfattande å få til, og den fleksible og samlingsbaserte dimensjonen kompliserer kvalitetsarbeidet ytterlegare. Difor er det nødvendig med ein heilskapleg tankegang rundt undervisninga i emna. Tilrådingane våre er at ein i lys av ei heilskapleg tenking aukar dei fleksible løysingane, t.d. at ein ser på potensialet for meir asynkron undervisning.
2) Tilrettelegging for S-GLU-studentane må i større grad ta omsyn til livssituasjonen deira. Tilrådingane våre er å arbeida med å auka fleksibiliteten knytt til ulike dimensjonar, der særleg tilrettelegging av tid og stad er viktig for studentane. Her bør ein t.d. diskutera praksisorganisering og campustilknyting framover.
3) Det er viktig at S-GLU har ei god forankring i FLKI, at dei tilsette opplever at dei er involverte i diskusjonane, både praktisk og strategisk, og at dei har rammer til å gjera ein god jobb. Slik S-GLU er utforma i dag liknar utdanninga svært mykje på campusbasert GLU i innhald og form, og me meiner at S-GLU hadde tent på å skilja seg meir ut.