Tema med variasjonar? Kulturskule – eintydig praksis og rettsleg standard?
Abstract
Tema i denne masteroppgåva er opplæringslova § 13-6, lov om musikk- og kulturskule, og korleis kommunane forstår og praktiserer lova. Vidare har studien til formål å svara ut om skildringane av kommunane si forståing og praktisering av lova er så eintydig at den kan kallast for ein rettsleg standard. Gjennom dokumentanalysar av nasjonale overordna dokument, kommunale dokument, gjennomgang av statistikk og historikk, samt intervju med utvalde kulturskuleleiarar har eg innhenta informasjon som gir meg innsikt og informasjon til å svara ut problemstillinga: I masteroppgåva ynskjer eg å sjå på korleis opplæringslova § 13- 6, lov om musikk- og kulturskule, vert forstått og praktisert av kommunane, og undersøkja om denne praksisen er så eintydig at den kan kallast for ein rettsleg standard. For å belysa funna har eg nytta teori knytt til juridisk metode og institusjonalisering med utgangspunkt i Scott (2014) sine tre institusjonelle pilarar. Studien er gjennomført etter kvalitativ metode, og det er nytta dokumentanalyse og intervju i arbeidet. Sju kommunar/kulturskulerektorar frå ulike delar av landet har blitt intervjua og alle dokument som er nytta i analysane er offentlege dokument. Oppsummert syner funna i analysane at kommunane si forståing og praktisering av opplæringslova § 13-6 mykje liknar kvarandre og kan opplevast eintydig, slik som; kommunane si etablering av kulturskulane, lik organisering, like fagtilbod, lik rektorrolle og gjennomgåande lik handsaming av politiske og administrative kulturskulerelaterte saker. Kan så denne einsarta praksisen kallast for ein rettsleg standard? I definisjon av rettsleg standard, ligg det til grunn at det er forhold utanfor sjølve lovgjevinga som er så tydelege og einsarta, og at denne praksisen vil kunne etterprøvast i ei eventuell rettsak (Haugland, 2018). Funna i analysane viser at dette ikkje kan dokumenterast, då det ikkje har vore reist noko sak som kan etterprøvast. Likevel er det i praksisfeltet, kommunane og i overordna føringar ei særs eintydig praktisering og forståing av opplæringslova § 13-6. Så lik at det gir grunnlag for å tru at ein nærar seg det som kan reknast som ein rettsleg standard
Description
Master i organisasjon og ledelse. Høgskulen på Vestlandet