Kartfaring
Abstract
Kartfaring - er ei kollektiv utforsking av omgrepet kart, der vi undersøker utforskande og visuelle praksisar. Vi vidarefører prosessar frå prosjektet LeiKre (Eide og Skarprud, 2023). Med bakgrunn i undervisning og tidlegare prosjekt ser vi på følgande undersøkingsspørsmål: På kva måte kan det ukontrollerbare brukast i utforskande prosessar saman med barn? Korleis kan dette bidra til ein kunstnarleg praksis for barnehagelærarar, der prosess og kollektivitet står sterkare enn resultat og produkt?
Med erfaringar frå undervisning i Kunst, kultur og kreativitet, samt fordjupingsfaga Kunstfagleg arbeid i barnehage og Aesthetic and outdoor education, har vi utvikla eit kunstprosjekt for barn som vart vist på Festspillene i Bergen under Småspillfestivalen 2023.
Erfaringar frå Kartfaring viser at studentar har nytte av å sjølv vera utforskande i undervisning, og at desse erfaringane kan vera med på å skape ei djupare forståing for utforskande prosessar som kan overførast til deira arbeid med barn
Description
Refleksjon av kunstfaglig forskning