Reformering av barnehagelærarutdanninga – mellom nasjonale standardar og institusjonell fridom
Original version
Borgund, S. M. (2024). Reformering av barnehagelærarutdanninga – mellom nasjonale standardar og institusjonell fridom [Doktoravhandling, Høgskulen på Vestlandet]. HVL Open.Abstract
Temaet for denne avhandlinga er styring og reformering av høgare utdanning. Temaet blir utforska gjennom caset barnehagelærarutdanningsreforma i 2012. Målet med denne studien har vore å sjå nærare på reformeringa av norsk barnehagelærarutdanning i 2012, frå politikkutforming til iverksetjing og mottaking av reforma. Avhandlinga søkjer svar på følgjande overordna problemstilling, med tilhøyrande forskingsspørsmål:
Kva kjenneteiknar reformeringa av barnehagelærarutdanninga av 2012?
a) Kva kjenneteiknar policy-prosessen?
b) På kva måte har lokale kontekstar hatt noko å seie for reformeringa og implementeringa?
c) Korleis blir reforma motteken og fortolka av studentane?
Teoretiske og analytiske perspektiv
Det overordna teoretiske og analytiske rammeverket for avhandlinga baserer seg på ein kombinasjon av Winter og Nielsen (2008) integrerte implementeringsmodell og teori om ‘layering’ (Capano, 2019). Ved å setje den integrerte implementeringsmodellen i kombinasjon med ‘layering’ inntar ein eit ikkje-linært perspektiv på reform. Tanken er å skape eit heilskapleg bilete av reformeringa gjennom å kartlegge aktørar, hendingar og åtferd frå politikkutforming til iverksetjing og mottaking av reforma. For å fylle ut biletet ytterlegare har avhandlinga sine tre artiklar blitt utforma som sjølvstendige delstudiar som set i drift ulike analytiske apparat for å svare på dei utdjupande forskingsspørsmåla. For å skildre policy-prosessen blei Kingdon (2014) sin multiple streams theory nytta. I arbeidet med å sjå på lokal implementering blei Ball et al. (2012) sitt kontekstomgrep og analytiske apparat rundt ‘policy enactment’ kombinert med teori om isomorfisme frå DiMaggio og Powell (1983). I siste delstudie om mottaking av reforma stod Harvey og Green (1993) sine definisjonar av kvalitet sentralt i analysen. Avhandlinga føyer seg inn i ein historisk-institusjonell vitskapstradisjon og peikar difor på korleis ei reform blir teken imot i allereie eksisterande strukturar og kulturar.
Metodisk tilnærming
Studien er ein kvalitativ casestudie. Forskingsdesignet kombinerer dokumentstudiar med djupneintervju. Datamaterialet er difor samansett, og analysemetodane like så. I tekstmaterialet inngår det både styringsdokument, høyringssvar, innlegg i nettforum, referat og planar. Intervjumaterialet består av intervju med 20 tilsette i barnehagelærarutdanninga. Utvalet inkluderer både leiing og administrativt og vitskapleg tilsette. I tillegg er 14 studentar intervjua. Materialet har blitt analysert i tråd med dei ulike teoretiske og analytiske rammeverka for kvar delstudie.
Hovudfunn og konklusjon
Hovudfunna i denne avhandlinga dreiar seg om at barnehagelærarutdanninga ligg i eit spenningsfelt. Spenningsfeltet består av fleire spenningar som alle meir eller mindre har eksistert før reformeringa, men som i ulik grad har blitt forsterka av reforma. For det første handlar det om spenninga mellom nasjonal styring og institusjonell fridom. Barnehagelærarutdanninga fekk gjennom reforma ein rammeplan og eit sett nasjonale retningslinjer som står fram som relativt strikte og detaljerte. Den største endringa i reforma var av strukturell art og dreia seg om å organisere utdanninga i tverrfaglege kunnskapsområde i staden for i tradisjonelle disiplinfag. Det andre spenningsforholdet som stod fram, var akademisering versus praksisorientering. Utdanninga har fått klare krav til meir akademisk innretting, noko som også kan sporast til eit forsøk på å styrkje barnehagelærarprofesjonen ovanfrå. Utfordringa ligg i at det samstundes er ei forventning at ei profesjonsutdanning også skal vere nær praksisfeltet sitt og prioritere praktisk øving. Det tredje spenningsforholdet handla om tverrfagleg orientering på den eine sida og disiplinorientering på den andre sida. Dette spenningsforholdet har blitt kraftig styrkt i reforma med innføring av tverrfaglege kunnskapsområde som det ikkje var semje om innhald og form rundt. Det fjerde spenningsforholdet dreia seg om økonomisk effektivitet på den eine sida og fagleg kvalitet på den andre sida. Finansiering og ressursar i reforma stod tidleg fram som eit sentralt dilemma i datamaterialet. Trass i stor vilje og evne til implementering synes det som økonomi er ei stor utfordring når det gjeld å skape ei utdanning av høg fagleg kvalitet. Til sist kom det også fram eit femte spenningsforhold, som handlar om profesjonalisering utanfrå/ovanfrå versus nedanfrå/innanfrå. Reforma hadde ein tydeleg agenda for å styrkje profesjonen for å oppnå auka kvalitet i tenestene, altså barnehagen. Reformering av barnehagelærarutdanning i 2012 skriv seg inn i eit landskap av endring og satsing på barnehagen, men også høgare utdanning og lærarutdanningane meir spesifikt.
Alt i alt viser studien at barnehagelærarutdanninga framleis står overfor utfordringar, også etter ei ambisiøs reform. Dei to mest presserande utfordringane handlar om struktur og finansiering, og desse to heng nøye saman. Ambisjonen om å skape ei praksisnær utdanning av høg fagleg kvalitet gjennom innføring av tverrfaglege kunnskapsområde synest å ha vore særs vanskeleg å nå med dei ressursane og føresetnadene som ligg i institusjonane i dag. Vilje og evne er til stades, men ei slik organisering krev koordinering og samarbeid på eit nivå som verkar utopisk i dagens modell. Reformeringa av barnehagelærarutdanninga stod fram som ein open prosess med stort høve til medverknad. Policy-prosessen viste seg likevel å vere mindre open enn først antatt. Delar av rammeplanen blei utforma, vedteken og halden utanfor dei opne prosessane. Dette skapte misnøye i policyprosessen, ein misnøye som tilsynelatande ikkje har lagt seg, og som gjer at det framleis er slik at ikkje alle delar av reforma har like stor legitimitet.
Has parts
Borgund, S.M. (2022): Reforming higher education through national curriculum regulations: the case of the Norwegian kindergarten teacher education. Nordic Journal of Studies in Educational Policy, https://doi.org/10.1080/20020317.2022.2115214Borgund, S.M. (2022): Implementering av barnehagelærarutdanninga – om nasjonale standardar og lokalt arbeid. Norsk Pedagogisk Tidsskrift Volum 105 Utgave 5. S. 450-463 https://doi.org/10.18261/npt.106.5.6
Borgund, S.M. (2023): Studentar sitt syn på kvalitet i barnehagelærarutdanninga. Uniped, 46(1), 43-54 https://doi.org/10.18261/uniped.46.1.5