Svømme- og livredningsopplæring ute - «Kanskje det einaste faget som er livsviktig»
Abstract
I denne masteroppgåva vil eg undersøke korleis kroppsøvingslærarar arbeidar med svømmeog livredningsundervisninga ute og korleis deira erfaringar kan forståast som profesjonskunnskap. Gjennom utdanning, vidareutdanning, kurs og yrkeserfaring, har lærarar ein stor kunnskapsbase som dei må bruke i arbeidskvardagen. Kva for ein kunnskap dei har og korleis dei brukar den er det profesjonskunnskapen handlar om, som også er rammeverket i studien.
I studien brukar eg Grimen (2008, s.71) sitt syn på profesjonskunnskap, der profesjonane sine kunnskapsbasar er omfattande, og den viktigaste samanhengen er i praksis. Studien har ein kvalitativ metode, der semistrukturerte intervju blei brukt for datainnsamlinga. I studien er det tre informantar, og gjennom å bruke kvalitativt intervju, kunne eg få fram deira subjektive erfaringar med å arbeide med svømme- og livredningsopplæring utandørs.
Resultata viser at lærarane ser nytte av å ha undervisninga ute, då elevane får mykje «realistiske» erfaringar med kaldt vatn og øving på pusteteknikk. Informantane er opptekne av at ramma rundt undervisninga må vere sikker, og at dei har kontroll på undervisninga. Dei har eit ønske om større samarbeid med andre lærarar, då samarbeidet ikkje er optimalt. Det kom også fram at det er mangel på tid for diskusjonar blant fellesskapet.
Funna i studien viser at lærarane brukar sin eigen profesjonskunnskap i møte med svømmeog livredningsundervisninga ute. Lærarane har mykje kunnskap og brukar den i vurderingane om sikker, trygg og innhaldsrik undervisning for elevane. Kunnskapen har dei fått gjennom utdanninga, yrket, vidareutdanning og kurs. For å kunne fortsetje å drive på med sikker og god undervisning for elevane i svømme- og livredningsopplæring utandørs, må lærarane vere trygge på eigne ferdigheiter og undervisning. Om ikkje treng dei hjelp frå leiinga for å få vidareutdanning eller meir kunnskap om temaet.