Problemløysing i matematikkundervisning Ein lærar si oppleving av å leggja til rette for matematiske samtalar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3164654Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I dagens læreplan, Kunnskapsløftet (LK20), er problemløysing, saman med utforsking, eitt av kjerneelementa i matematikkfaget. At læraren legg til rette for at elevane deltar i produktive matematiske samtalar, er ein viktig del av matematikkundervisninga. Forsking viser likevel at dette kan vera eit utfordrande aspekt ved undervisninga til læraren. Smith og Stein (2018) har utvikla fem praksisar som skal hjelpa læraren med å planleggja og leia målretta matematiske samtalar. Formålet med dette masterprosjektet har vore å undersøka korleis ein lærar opplev å bruka desse fem praksisane for å leggja til rette for matematiske samtalar knytt til problemløysing. Med bakgrunn i dette har problemstillinga for dette prosjektet vore:
Korleis opplev ein matematikklærar på mellomtrinnet å bruka Smith og Stein (2018) sine fem praksisar for å leggja til rette for matematiske samtalar i matematikkundervisning knytt til problemløysing?
For å svara på problemstillinga har eg brukt eit forskingsdesign som er inspirert av forskingsmetodikken Design-based research (DBR). Data til prosjektet er samla inn kvalitativt, gjennom observasjon og intervju av ein lærar på sjuande trinn. Eg har hatt eit tett samarbeid med denne læraren gjennom heile perioden, og me har saman utvikla eit undervisningsopplegg med utgangspunkt i problemstillinga. Opplegget har blitt gjennomført i klassen til den nemnde læraren.
Resultat frå studien viser at læraren opplev Smith og Stein (2018) sine fem praksisar som eit godt rammeverk som ho ynskjer å arbeida vidare med for å forbetra eigen praksis knytt til planlegging og gjennomføring av matematiske samtalar. Læraren opplev at ho er blitt modigare, tryggare og meir bevisst på å halda den matematiske samtalen lenger, og å utfordra elevane til å dela sin tankegang med resten av klassen. Prosjektet har lagt til rette for at elevane skal jobba med problemløysingsoppgåver og delta i produktive matematiske samtalar. Som eit resultat av dette har læraren fått inntrykk av at elevane er meir bevisste på at det går an å løysa problemløysingsoppgåver på forskjellige måtar, og at elevane framstår meir engasjerte i å delta munnleg i matematikkundervisninga