Karakterfri vurdering på ungdomstrinnet
Abstract
Føremålet med oppgåva har vore å undersøke karakterfri praksis på ungdomstrinnet og korleis lærarar og elevar opplever denne praksisen. Med det har eg forsøkt å svare på problemstillinga mi: Kva erfaringar har eit utval lærarar og elevar karakterfri vurdering på ungdomstrinnet? For å avgrense og konkretisere problemstillinga formulerte eg desse forskingsspørsmåla:
1. Kva kjenneteiknar arbeid med karakterfri vurdering i norskfaget?
2. Kva utfordringar og moglegheiter møter lærarane i arbeidet med karakterfri vurdering?
3. Korleis opplev elevane karakterfri vurdering?
Med både ei kvalitativ og kvantitativ tilnærming har eg komen fram til at karakterfri vurdering har positive sider og har eit godt føremål, men det er ikkje ei ordning utan negative baksider. Det er skepsis mellom lærarar som driv slik vurdering, og dei møter utfordringar som må løysast. Først og fremst kjem det fram i undersøkinga at det er uordrande å leggje karakterbruk heilt vekk. Det er vanskeleg å seie kvifor. Det kan vere at karakterar har ein positiv effekt gjennom å formidle kvalitet på arbeid til elevar på ein effektiv måte. Ein informant trekk fram at lærarane får fleire verktøy å spele på med vurdering for læring, men samstundes kjem det fram i drøftinga at lærarar treng fleire verktøy for å motivere demotiverte elevar. Formativ vurdering krev at læraren har kompetanse om korleis ein gir tilpassa læringsfremjande respons. Samstundes krev slike vurderingar at eleven også har kompetanse till å ta till seg og arbeide vidare med responsen.
Elevane sjølve er splitta om karakterfri vurdering. Nokon ynskjer karakterbruk og nokon føretrekk karakterfritt. Det er delte meiningar om kva som er god og dårleg tilbakemelding. Nokon elevar ser nytteverdien av å dempe karakterbruken undervegs i semesteret, til dømes at det fører til mindre stress. Det er også nokon elevar som fortel at karakterbruk til tider kan vere skummelt.