Læreboka si rolle i nynorsk språkstyrking Ein analyse av to lærebøker i norsk for ungdomstrinnet
Abstract
Føremålet med denne masteroppgåva har vore å undersøkje korleis to læreverk i norskfaget for ungdomstrinnet framstiller ulike aspekt ved nynorsk, slik at elevar med nynorsk som hovudmål skal få moglegheiter til og ynske om å halde fram som nynorskbrukarar. Desse to læreverka er Norsk 9 frå Cappelen Damm og Kontekst 8–10 frå Gyldendal. Eg har undersøkt problemstillinga korleis kan to lærebøker for nynorskelevar på ungdomstrinnet bidra til revitalisering av nynorsk?, ved å bruke ein spørsmålsdriven kvalitativ innhaldsanalyse med utgangspunkt i COD-modellen. COD-modellen er ein modell for revitalisering av mindretalsspråk, og den består av komponentane «competence/kompetanse», «opportunity/moglegheiter» og «desire/vilje». Med bakgrunn i modellen har eg konkretisert hovudproblemstillinga i fem forskingsspørsmål:
• Korleis gjev lærebøkene nynorskelevar kompetanse i eige hovudmål?
• I kva grad legg desse bøkene opp til særleg opplæring i dei språklege kategoriane som forskinga viser at nynorskelevane strevar med?
• Kva for teksttypar møter elevane på nynorsk og bokmål i lærebøkene, og kva kan den språklege fordelinga mellom teksttypar indeksere?
• Kva uttrykkjer lærebøkene om kva for sosiale domene nynorsk finst på, og kva kan desse uttrykka indeksere?
• Korleis skaper lærebøkene vilje til å bruke nynorsk?
Eg har funne at både Norsk 9 og Kontekst 8–10 legg opp til at nynorskelevane skal få særleg kompetanse i hovudmålet sitt. Kontekst 8–10 ber likevel litt preg av at det grammatiske lærestoffet er direkte omsett frå bokmålsutgåva og ikkje tilpassa behova til nynorskelevar. I begge lærebøkene er det eit stort utval tekstar på nynorsk, noko som gjer at nynorskelevar ser at nynorsk finst, samtidig som dei får moglegheit til å lese nynorsk. Det er likevel ein tendens till at meir 'moderne' teksttypar er på bokmål. Ingen av lærebøkene har noko særleg direkte positiv argumentasjon for nynorsk, men begge kan indirekte skape ein vilje til nynorsk gjennom framstillingar av samanhengen mellom tale og skrift, språkhistoriske stoff, språkaktivisme og fleirspråklegheit. Alt i alt ser lærebøkene ut til å bidra til å styrke nynorsk i eit revitaliseringsperspektiv, men dette kunne truleg vore gjort meir systematisk og eksplisisitt.