Uteskule som arena for skriveopplæring – Didaktiske inngangar til allsidig danning i norskfaget
Abstract
I denne masteroppgåva har eg prøvd ut og undersøkt korleis ein kan nytte uteskule i skriveopplæringa i norskfaget som bidrag til elevane sin danningsprosess. Ettersom uteskule er ein læringsarena som legg til rette for bruk av ulike sider ved eleven i møte med omgjevnadane, har eg valt å undersøke korleis dette kan bidra til allsidig danning. Denne delen av danningsomgrepet handlar om korleis bruk av heile mennesket, hovud, hjarte og hand, er viktig for å lære og utvikle seg.
Oppgåva si problemstilling er: Korleis kan uteskule bidra til allsidig danning i norskfaget si skriveopplæring på mellomtrinnet? For å svare på dette har eg nytta element frå både kasusstudie og aksjonsforsking, med observasjon og elevtekstanalyse som empiri. Oppgåva tek utgangspunkt i erfaringar frå eit undervisningsopplegg som vart gjennomført over tre dagar i ei 5. klasse, éin dag med uteskule og to økter med skriving inne. Opplegget vart utvikla i samarbeid med læraren til klassa og på bakgrunn av teori om uteskule, skriveopplæring og danning. Målet var å undersøkje korleis ein kan nytte uteskule som ein arena for skriveopplæring i norskfaget, der elevane får bruke heile seg i læringsarbeidet, som bidrag til norskfaget sitt danningsarbeid og elevane sin danningsprosess.
Funna viser at uteskule er ein arena som fungerer godt til skriveopplæring, og slik også elevane si danning, men at det særleg er fire didaktiske implikasjonar ein må vere bevisst på. For det første må elevane få oppleve at det er samanheng mellom det som skjer ute og det som skjer inne, knytt til uteaktiviteten. Slik kan dei sjå verdien og samanhengen mellom autentiske erfaringar og formidlingsarbeidet. For det andre må elevane få moglegheit til å ta stilling til dei autentiske omgjevnadane ute, gjennom bruk av både kognitive, fysiskpraktiske, estetiske og etiske sider ved seg sjølv. Dette er viktig for å kunne seie at ein arbeider med allsidig danning i læringsarbeidet. Vidare må elevane få moglegheit til å vere kreative på eigne premissar, utan at læraren legg for strenge føringar for aktivitetane. Slik får elevane gjere individuelle og verdifulle erfaringar. Til sist er det viktig at læraren har tillit til at læringsprosessen har stor verdi, framfor at hen vektlegg resultatet av aktivitetane. Danning er ein prosess som stadig skjer og kan ikkje målast som eitt enkelt resultat.