Nettbrett som skriveverktøy i den første skriveopplæringa: Ein kvalitativ studie om bruken av nettbrett som skriveverktøy i den første skriveopplæringa
Abstract
Denne studien undersøker nettbrett som skriveverktøy i den første skriveopplæringa. På bakgrunn av at stadig fleire skular innførar 1:1 forhold med digitale verktøy, altså at kvar elev får kvart sitt personlege nettbrett, vart eg nysgjerrig på korleis lærarar opplev at teknologien pregar skriveopplæringa og skulekvardagen. Føremålet med studien er dermed å utforske korleis lærarar opplev å nytte nettbrett til arbeid med skriving ut frå følgjande problemstilling: «Kva erfaringar har eit utval lærarar med nettbrettsom skriveverktøy i den første skriveopplæringa for elevar på barnetrinnet?»
For å utforske problemstillinga gjennomførte eg ein studie der eg analyserte kvalitative data samla inn gjennom intervju som forskingsmetode. Analysen av datamaterialet var retta mot å identifisere likskapar og skilnader i informantane sine ytringar, men utgangspunkt i problemstillinga. Mine hovudresultat indikerer at nettbrett og digitale verktøy i større grad gir moglegheiter for tilpassa opplæringa enn ved bruk av tradisjonelle verktøy. Vidare viser studien at lærarane vel ulike tidspunkt for å introdusere handskrift, der nokon vel å utsetje det til 2. trinn. Resultata indikerer også at digitale verktøy har endra lærarrolla i klasserommet, både ved å gjere det enklare og meir effektivt å tilpasse undervisning til elevane. Desse hovudresultata er diskutert opp mot det fagpolitiske og teoretiske rammeverket som studien byggjer på.