Tilpassa opplæring i matematikk: Ei kvalitativ studie av kva tre lærarar vektlegg når dei tilpassar undervisninga i matematikk på mellomtrinnet
Abstract
Denne studien handlar om tilpassa opplæring i matematikk på mellomtrinnet. Formålet er å få innblikk i korleis eit utval lærarar forstår omgrepet og kva dei vektlegg i arbeidet med dette. Delar av studien er knytt til lærarane si oppleving av eige profesjonelle handlingsrom når det kjem til tilpassa opplæring. På bakgrunn av dette ligg følgjande problemstilling til grunn:
Kva legg lærarar vekt på når dei tilpassar undervisninga i matematikk på mellomtrinnet?
Med mål om å konkretisere og gje retning til problemstillinga vart det vidare inkludert tre forskingsspørsmål. Desse er relatert til (a) forståing av tilpassa opplæring, (b) undervisning og tiltak, og (c) oppleving av handlingsrom. For å svare på problemstillinga og tilhøyrande forskingsspørsmål vart det tatt utgangspunkt i eit kvalitativt forskingsdesign og gjennomført semistrukturerte intervju med tre lærarar som underviser i matematikk på mellomtrinnet. Det teoretiske bakteppet inneheld teori og tidelegare forsking om matematikkfaget, tilpassa opplæring og profesjonelt handlingsrom. Innhald i styrande dokumenter som er relevant for tematikken har òg fått ei sentral rolle i teorikapittelet
Funn frå denne studien syner at kva lærarar legg vekt på når dei tilpassar undervisninga avhenger i stor grad av den enkelte si forståing av tilpassa opplæring og oppleving av handlingsrom. For å tydeleggjere denne samanhengen ytterlegare vart det i drøftinga foreslått ein firefeltsmodell der felta i modellen inneheld ulike perspektiv for kva lærarar vektlegg når dei tilpassar undervisninga i matematikk. Desse fekk namn som gav uttrykk for hovudessensen i perspektivet sitt innhaldet: (1) individualisering, (2) kulturskaping, (3) umyndiggjort og (4) lærebokstyrt. Innhaldet i dei fire perspektiva vart skildra ytterlegare med utgangspunkt i det teoretiske bakteppet og funn frå det empiriske materialet. Målet med modellen er ikkje å plassere lærarar i bestemte felt, men heller å sette lys på og skape bevisstheit rundt dei ulike perspektiva. Modellen kan dermed seiast å ha som hensikt å vere eit verktøy for lærarar til refleksjon over eigen praksis.