Skulen som arena for fremmande og førebyggande psykisk helsearbeid
Abstract
Denne studien tek for seg psykisk helsefremmande og førebyggande arbeid i skulen, der føremålet med forskinga er å undersøke styresmaktene sitt arbeid med dette. Dette føremålet har ført til følgjande problemstilling:
«Korleis vert god psykisk helse fremma i skulen gjennom eit utval politiske dokument?».
For å svare på problemstillinga har me nytta ei kvalitativ dokumentanalyse med hermeneutisk tilnærming som metode. Me har analysert sju offentlege politiske dokument, samt undersøkt korleis omtalen av omgrepet psykisk helse har endra seg i dei tre siste læreplanverka; LK97, LK06 og LK20, ved å inkludera eit forskingsspørsmål. Det teoretiske rammeverket består av teori og forsking om psykisk helse, skulen som ein førebyggande og helsefremmande arena, meistringstru og politikken si påverknad på skulen. Analysen av dei politiske dokumenta blir skildra gjennom fem analytiske steg, samt at læreplananalysen blir skildra kort for seg sjølv.
Psykisk helse i folkehelsearbeidet handlar om å rette merksemda mot forhold og faktorar som påverkar den psykisk helsa til befolkninga. Resultata viser at skulen inneheld fleire faktorar som kan bidra til å fremma, men som og kan hemma god psykisk helse hjå barn og unge. Dei politiske dokumenta trekk fram stress, einsemd og ekskludering som faktorar som kan verke negativt. På den andre sida vil sosial støtte, meistring og motivasjon verke fremmande for den psykisk helsa. Å legge til rette for eit godt skulemiljø vil medverke til å fremme god psykisk helse, då trivsel i skulen heng saman med trivsel seinare i livet. Læraren er ei viktig brikke i det helsefremmande arbeidet.
Dokumenta legg fram ei rekke strategiar, argument og tiltak for å fremme og førebygge psykisk helse i skulen. Det kjem fram at både lærarar og elevar ønskjer meir kunnskap kring temaet. Eit kompetanseløft er nødvendig, for å ruste dei tilsette til å førebygge, fange opp og følgje opp alle elevar. Elevane etterlyser kunnskap om korleis ein kan takle utfordringar og meistre livet. Det nye tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring skal bidra til at barn og unge aukar kunnskapen sin kring eiga psykiske helse, samt føre til at lærarar tileignar seg meir medvit og meir kompetanse om temaet.
For å fremme god psykisk helse på best mogleg måte er samarbeid med andre viktig og fruktbart. Skulehelsetenesta vert nemnt som ein viktig samarbeidspartnar ved fleire høver, dessverre kjem det fram at mangel på kapasitet gjer at dei tilsette i tenesta må velje mellom viktige oppgåver. Ulike tiltak som å førebygge mobbing vert lagt fram, og fleire av dokumenta trekk fram kapittel 9-A i Opplæringslova som eit spesifikt tiltak for å førebygge psykisk uhelse.
Analysen av dei politiske dokumenta tyder på at psykisk helsefremmande arbeid i skulen er ein prioritet hjå styresmaktene. Resultat frå analysen av dei tre siste læreplanverka og implementeringa av temaet folkehelse og livsmeistring, viser til dette. På bakgrunn av analysen er vår vurdering at det blir trekt fram mange strategiar og argument for korleis ein kan fremme god psykisk helse, men få konkrete forslag til korleis ein skal drive dette arbeidet.