Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorØglænd, Guro Emilie Hiksdal
dc.date.accessioned2024-11-08T09:48:20Z
dc.date.available2024-11-08T09:48:20Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3164035
dc.descriptionMasterfag i Spesialpedagogikk, GLU 5-10 MGUSP550 Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag Fakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractDenne studia omhandlar korleis dei vaksne ved ein alternativ opplæringsarena legg til rette for å fremje inkludering blant elevane. Studia er bygd opp som ei case studie, som tek utgangspunkt i ein utvald alternativ opplæringsarena plassert på ein gard. Datainnsamlingsmetoden som er nytta er kvalitative forskingsintervju med tre grupper med informantar. Første gruppe med informantar består av lærar og gardseigar, andre gruppe består av to fagarbeidarar/assistentar. Desse informantane er skildra som dei vaksne i denne studia. Den tredje gruppa består av to elevar som har eit tilbod på den alternative opplæringsarenaen. Det teoretiske grunnlaget i studia er basert på litteraturgjennomgang, relevante rammedokument innanfor utdanning, læringsteoretisk perspektiv og anna relevant teori retta mot alternativ opplæring og inkludering. Funna i studia syner at dei vaksne informantane ved den alternative opplæringsarenaen på gard, nyttar si felles forståing av omgrepet inkludering, saman med felles tankar og idear kring kva som er viktig for elevar si oppleving av inkludering. Til å leggje til rette for å fremje inkludering blant elevane på den alternative opplæringsarenaen. For å leggje til rette for elevane si inkludering, er dei opptekne av å arbeide saman, engasjere seg i elevane, utvikle gode relasjonar og gjennomføre medvitne tiltak og rutinar gjennom skuledagane på den alternative opplæringsarenaen. I studia kjem det fram at tilbod på alternativ opplæringsarena kan sjåast som både eit segregerande, og eit inkluderande opplæringstilbod. Det kjem det fram mange positive erfaringar kring arbeidet med å fremje inkludering, frå alle dei ulike gruppene med informantar frå den alternative opplæringsarenaen. Men det kjem også fram at dei møter utfordringar retta mot inkludering. Studia syner også at det er eit forbetringspotensiale kring samarbeidet mellom alternativ opplæringsarena og ordinær skule.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleAlternativ opplæringsarena og inkluderingen_US
dc.title.alternativeAlternative learning arena and inclusionen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUSP550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal