Alternativ opplæringsarena og inkludering
Abstract
Denne studia omhandlar korleis dei vaksne ved ein alternativ opplæringsarena legg til rette
for å fremje inkludering blant elevane. Studia er bygd opp som ei case studie, som tek
utgangspunkt i ein utvald alternativ opplæringsarena plassert på ein gard.
Datainnsamlingsmetoden som er nytta er kvalitative forskingsintervju med tre grupper med
informantar. Første gruppe med informantar består av lærar og gardseigar, andre gruppe
består av to fagarbeidarar/assistentar. Desse informantane er skildra som dei vaksne i denne
studia. Den tredje gruppa består av to elevar som har eit tilbod på den alternative
opplæringsarenaen. Det teoretiske grunnlaget i studia er basert på litteraturgjennomgang,
relevante rammedokument innanfor utdanning, læringsteoretisk perspektiv og anna
relevant teori retta mot alternativ opplæring og inkludering.
Funna i studia syner at dei vaksne informantane ved den alternative opplæringsarenaen på
gard, nyttar si felles forståing av omgrepet inkludering, saman med felles tankar og idear
kring kva som er viktig for elevar si oppleving av inkludering. Til å leggje til rette for å fremje
inkludering blant elevane på den alternative opplæringsarenaen. For å leggje til rette for
elevane si inkludering, er dei opptekne av å arbeide saman, engasjere seg i elevane, utvikle
gode relasjonar og gjennomføre medvitne tiltak og rutinar gjennom skuledagane på den
alternative opplæringsarenaen.
I studia kjem det fram at tilbod på alternativ opplæringsarena kan sjåast som både eit
segregerande, og eit inkluderande opplæringstilbod. Det kjem det fram mange positive
erfaringar kring arbeidet med å fremje inkludering, frå alle dei ulike gruppene med
informantar frå den alternative opplæringsarenaen. Men det kjem også fram at dei møter
utfordringar retta mot inkludering. Studia syner også at det er eit forbetringspotensiale kring
samarbeidet mellom alternativ opplæringsarena og ordinær skule.
Description
Masterfag i Spesialpedagogikk, GLU 5-10 MGUSP550
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett