Show simple item record

dc.contributor.authorKolbeinsvik, Daniella
dc.contributor.editorNjåstad, Anna-Sophie
dc.date.accessioned2024-11-08T09:40:54Z
dc.date.available2024-11-08T09:40:54Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3164030
dc.descriptionMasterfag i spesialpedagogikk, vestlandsklasse, MGBSP550 Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett GLU5-10, HVL campus Storden_US
dc.description.abstractI denne masterstudien har me undersøkt korleis lærarane og PP-tenesta samarbeider for å oppnå ein betre inkluderande praksis. Dette er eit viktig tema fordi alle elevar skal føle seg sett og inkludert i skulen. Skulane skal leggje til rette for eit inkluderande fellesskap som er med på å styrke danning og lærelyst hos elevane. Dette gjelder også dei som mottar spesialundervisning. Det er viktig at elevane som mottar spesialundervisning kjenner seg inkludert og har ei oppleving av å høyre til i fellesskapet, difor skal skulen syte for at alle barn og unge får dei same moglegheiter til å lære, meistre og utvikle seg i eit inkluderande fellesskap (Meld. St. 21 (2016-2017), s. 11). I 2017 vart ei ekspertgruppe spurt om dei kunne vurdera tilbodet til barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging. Thomas Nordahl (2018) og ekspertgruppa hevdar i sin rapport Inkluderende fellesskap for barn og unge at det eksisterande tilbodet for barn og unge i barnehagar og skular ikkje var tilfredsstillande (Nordahl et al., 2018). Me synes personleg at dette er eit særs viktig tema og fagfelt. Ei av våre hjartesaker er at alle barn skal kjenne på tilhøyrsle og inkludering når dei kjem på skulen. Difor ynskjer me å undersøkje korleis lærarane får til inkluderande praksis i samarbeid med PP-tenesta. Våre forskingsspørsmål vart difor: 1. Korleis forstår og forklarar lærarar og PP-tenesta døme på inkluderande praksis? 2. Korleis skildrar dei samarbeidet mellom lærarane og PP-tenesta i dei døma dei trekkjer fram? Studien baserer seg på ei kvalitativ forskingsmetode der me nyttar semistrukturert intervju. Informantane våre består av fem lærarar og to frå PP-tenesta. Datamaterialet i studien er drøfta opp mot teori og tidlegare forsking. Funna våre viser at informantane har den same forståinga for inkluderande praksis og korleis ein skal arbeide for å realisera det. Nokre av lærarane opplever arbeidet med inkluderande praksis som krevjande, der dei nemner mangel på ressursar, store klassar og låg lærartettleik som dei største utfordringane. Me har sett at eit godt tverrprofesjonelt samarbeid mellom lærarane og PP-tenesta er ein viktig faktor for å få til inkluderande praksis. Samstundes er det viktig at leiinga legg til rette for at alle tilsette i skulen har den naudsynte kompetansen for å få til inkluderande praksis, og at det blir ein felles kultur på skulen. På denne måten har ein dei beste føresetnadane for å oppnå inkluderande praksis.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleTverrprofesjonelt samarbeid mellom lærarar og PP-tenesta i arbeid mot ein inkluderande praksisen_US
dc.title.alternativeInterprofessional collaboration between teachers and the educational psychological service to work towards inclusive praen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeM G U S P 5 5 0 -en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal