Tverrprofesjonelt samarbeid mellom lærarar og PP-tenesta i arbeid mot ein inkluderande praksis
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3164030Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne masterstudien har me undersøkt korleis lærarane og PP-tenesta samarbeider for å
oppnå ein betre inkluderande praksis. Dette er eit viktig tema fordi alle elevar skal føle seg
sett og inkludert i skulen. Skulane skal leggje til rette for eit inkluderande fellesskap som er
med på å styrke danning og lærelyst hos elevane. Dette gjelder også dei som mottar
spesialundervisning. Det er viktig at elevane som mottar spesialundervisning kjenner seg
inkludert og har ei oppleving av å høyre til i fellesskapet, difor skal skulen syte for at alle barn
og unge får dei same moglegheiter til å lære, meistre og utvikle seg i eit inkluderande
fellesskap (Meld. St. 21 (2016-2017), s. 11). I 2017 vart ei ekspertgruppe spurt om dei kunne
vurdera tilbodet til barn og unge med behov for særskilt tilrettelegging. Thomas Nordahl
(2018) og ekspertgruppa hevdar i sin rapport Inkluderende fellesskap for barn og unge at det
eksisterande tilbodet for barn og unge i barnehagar og skular ikkje var tilfredsstillande
(Nordahl et al., 2018). Me synes personleg at dette er eit særs viktig tema og fagfelt. Ei av
våre hjartesaker er at alle barn skal kjenne på tilhøyrsle og inkludering når dei kjem på skulen.
Difor ynskjer me å undersøkje korleis lærarane får til inkluderande praksis i samarbeid med
PP-tenesta. Våre forskingsspørsmål vart difor:
1. Korleis forstår og forklarar lærarar og PP-tenesta døme på inkluderande praksis?
2. Korleis skildrar dei samarbeidet mellom lærarane og PP-tenesta i dei døma dei
trekkjer fram?
Studien baserer seg på ei kvalitativ forskingsmetode der me nyttar semistrukturert intervju.
Informantane våre består av fem lærarar og to frå PP-tenesta. Datamaterialet i studien er
drøfta opp mot teori og tidlegare forsking.
Funna våre viser at informantane har den same forståinga for inkluderande praksis og korleis
ein skal arbeide for å realisera det. Nokre av lærarane opplever arbeidet med inkluderande
praksis som krevjande, der dei nemner mangel på ressursar, store klassar og låg lærartettleik
som dei største utfordringane. Me har sett at eit godt tverrprofesjonelt samarbeid mellom
lærarane og PP-tenesta er ein viktig faktor for å få til inkluderande praksis. Samstundes er det
viktig at leiinga legg til rette for at alle tilsette i skulen har den naudsynte kompetansen for å
få til inkluderande praksis, og at det blir ein felles kultur på skulen. På denne måten har ein
dei beste føresetnadane for å oppnå inkluderande praksis.
Beskrivelse
Masterfag i spesialpedagogikk, vestlandsklasse, MGBSP550 Institutt for pedagogikk, religion og
samfunnsfag
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
GLU5-10, HVL campus Stord