Skaparglede gjennom biletskapande arbeid Eit aksjonsforskingsprosjekt som undersøkjer korleis ulike oppgåvetypar kan legge til rette for skaparglede
Abstract
Denne masteroppgåva tar utgangspunkt i problemstillinga «Korleis kan eg som kunst og
handverkslærar utvikle undervisningsoppgåver som legg til rette for skaparglede?» Og blir
undersøkt gjennom ei kvalitativ aksjonsforsking med forskingsspørsmåla:
1) Kva kvalitetar kan gi skaparglede i ei open biletskapande oppgåve?
2) Kva kvalitetar kan gi skaparglede i ei lukka biletskapande oppgåve?
Undersøkinga vart delt i to aksjonar; aksjon 1 og aksjon 2, der eg forskar på mitt eige
biletskapande arbeid i aksjon 1, utviklar to undervisningsoppgåver som eg gjennomførte
med elevar i skulen i aksjon 2. Datamaterialet vart samla inn gjennom logg, deltakande og
ikkje-deltakande observasjon, refleksjonsskjema og prosess- og resultatbilete av elev- og
eige arbeid. For å definere og måle skaparglede, nyttar oppgåva teoriar om motivasjon,
meistringsforventing og flow.
Resultata frå analysen viste at faktorar som å meistre teknikken og ha erfaring med
materialet, å halde ut og legge ned innsats når ein møter motgang, og å ha ei «passande»
mengde valfriheit, var sentrale for å oppleve skaparglede. Oppgåva konkluderer med at for å
fremje skaparglede, må oppgåvene vere mindre resultatorienterte og gi rom for elevane si
kreativitet og leik. Ein kombinasjon av opne og lukka oppgåve vil vere hensiktsmessig då
funna viste at lukka oppgåver i kunst og handverk kan vere gode til å lære seg teknikk og
kunnskap innafor faget, medan opne oppgåver er gode til å gi elevane rom til å utforske og
finne sitt individuelle uttrykk.
Description
Grunnskulelærar 1-7. trinn
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett/Institutt for kunstfag/Kunst og handverk MGBKH550