Tverrfagleg undervisning – Kopling mellom kunst og handverk og naturfag
Abstract
Denne masteroppgåva handlar om tverrfagleg undervisning mellom kunst og handverk og
naturfag. Føremålet med oppgåva er å få innblikk i korleis elevane ser den tverrfaglege
koplinga mellom faga, og korleis deira kunnskapar frå undervisninga kjem til syne i det
praktiske arbeidet. Eg ynskjer og å sjå korleis kunst og handverk kan vere ein resurs i
tverrfagleg undervisning med naturfag, kvar faga ivareta sitt særpreg.
Problemstillinga som blir undersøkt er; Korleis kan kunst og handverksfaget operasjonalisere
tverrfagleg undervisning i samarbeid med naturfag på 6. trinn i lys av læreplanen LK20? kvar
desse forskingsspørsmåla er rettleiande for diskusjonen:
Gjennom arbeidet til elevane, korleis kjem det tverrfaglege arbeidet til syne? og
Kva utfordringar og moglegheiter kan ein møte på i tverrfagleg undervisning?
Basert på ein hermeneutisk-fenomenologisk vitskapleg tilnærming er kasusstudie velt som
metode. Forskingsmaterialet er generert gjennom undervisningsopplegg, dokumentasjon av
elevarbeid, fokusgruppeintervju, spørjeskjema og deltakande observasjon. Elevarbeida og
samtalane er analysert og vist fram på ein slik måta at deira stemme kjem fram i empirien.
Analysen blir diskutert basert på teori om tverrfaglegheit, tverrfaglegheit i læreplanen og
kunst og handverk i eit tverrfagleg lys i møte med naturfag. Den tverrfaglege teorien er retta
mot læring eleven kan oppnå, og kva utfordring og moglegheita andre ser i tverrfagleg
undervisning både for elevar, lærarsamarbeid og i utdanning.
Nokre av studiens funn syner at læring kan visast på fleire måtar. Studien viser og at det er
viktig at læraren har kompetanse og erfaring innanfor faget som skal undervisast for å kunne
sjå ein likeverdig kopling i det tverrfaglege arbeidet. Omgrepet tverrfagdidaktikk er kanskje
noko som bør inkluderast i lærarutdanninga?
Description
GLUKH 1-7/ Grunnskulelærar med kunst og handverk
FLKI, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett