Show simple item record

dc.contributor.authorHatlevik, Rebecca
dc.date.accessioned2024-11-08T08:41:33Z
dc.date.available2024-11-08T08:41:33Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3163989
dc.descriptionMaster i kreative fag og læreprosessar, kunst og handverk, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Høgskulen på Vestlandet, campus Storden_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva omhandlar teiknedidaktikk i begynnaropplæringa, der eg har undersøkt ulike tilnærmingar til teikning, og teikna saman med elevar ved bruk av eit kulturelt reiskap, kolstiften. Forsking viser at elevar opplev at dei ikkje kan teikne, i så stor grad at dei sluttar. Det er og ei utbreia haldning at lærarar meiner at elevar skal utvikle teikneferdigheitar utan innblanding og rettleiing. Samstundes aukar talet på avgjersler som vert teke i samfunnet vårt på grunnlag av visuelle representasjonar. På bakgrunn av dette ynsket eg å bidra til utviklinga av teiknedidaktikken, slik at elevar får utvikle den visuelle kompetansen. Gjennom ei kvalitativ metode ved bruk av aksjonsforsking, har eg utvikla og gjennomført eit teikneopplegg med ei elevgruppe på 3. trinn. Empirien vart tolka og analysert ved bruk av ei hermeneutisk tilnærming, som gav meg moglegheit til å danna ei forståing for det som oppstod gjennom undervisningsopplegget, slik at eg kunne svare på problemstillinga: - «Teiknedidaktikk i begynnaropplæringa – Korleis leggje til rette for utvikling av visuell kompetanse gjennom teikneleik med kolstift saman med ein teiknande lærar?» Teori som ligg bak forskinga er i hovudsak bygd på eit sosiokulturelt læringssyn og teori om leik. For utviklinga av undervisningsopplegget var Brænne og Heggvoll (2018) sin artikkel om ulike tilnærmingar til teikning viktig, i tillegg til Fønnebø (2019) si bok «Tegne sammen». Funna kan peike i retninga av at bruk av ei veksling mellom ulike tilnærmingar til teikning, samhandling mellom medelevar, og ein teiknande lærar gav rom for utvikling av elevane si visuelle kompetanse. Dei ulike tilnærmingane gav elevane gradvis progresjon, og samhandlingane bidrog til støtte gjennom teikneprosessane. Fokus på sjølve prosessen med kolstiften som reiskap gav rom for ei kroppsleg utforsking, som igjen kan bidra til ei kognitiv utvikling hos elevane. Den leikande tilnærminga hadde potensiale som stimulerte kreative tankeprosessar i teiknehandlingane, og bidrog til ekte engasjement hos elevane.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title«Teiknedidaktikk i begynnaropplæringa - Eit aksjonsforskingsopplegg på 3. trinn som undersøkjer ulike tilnærmingar til teikning for elevane si utvikling av den visuelle kompetansen, saman med ein teiknande læraren_US
dc.title.alternativeImage-creating work with the possibility of creative joyen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGBKH550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal