«Teiknedidaktikk i begynnaropplæringa - Eit aksjonsforskingsopplegg på 3. trinn som undersøkjer ulike tilnærmingar til teikning for elevane si utvikling av den visuelle kompetansen, saman med ein teiknande lærar
Abstract
Denne masteroppgåva omhandlar teiknedidaktikk i begynnaropplæringa, der eg har undersøkt ulike
tilnærmingar til teikning, og teikna saman med elevar ved bruk av eit kulturelt reiskap, kolstiften.
Forsking viser at elevar opplev at dei ikkje kan teikne, i så stor grad at dei sluttar. Det er og ei utbreia
haldning at lærarar meiner at elevar skal utvikle teikneferdigheitar utan innblanding og rettleiing.
Samstundes aukar talet på avgjersler som vert teke i samfunnet vårt på grunnlag av visuelle
representasjonar. På bakgrunn av dette ynsket eg å bidra til utviklinga av teiknedidaktikken, slik at
elevar får utvikle den visuelle kompetansen.
Gjennom ei kvalitativ metode ved bruk av aksjonsforsking, har eg utvikla og gjennomført eit
teikneopplegg med ei elevgruppe på 3. trinn. Empirien vart tolka og analysert ved bruk av ei
hermeneutisk tilnærming, som gav meg moglegheit til å danna ei forståing for det som oppstod
gjennom undervisningsopplegget, slik at eg kunne svare på problemstillinga:
- «Teiknedidaktikk i begynnaropplæringa – Korleis leggje til rette for utvikling av visuell
kompetanse gjennom teikneleik med kolstift saman med ein teiknande lærar?»
Teori som ligg bak forskinga er i hovudsak bygd på eit sosiokulturelt læringssyn og teori om leik. For
utviklinga av undervisningsopplegget var Brænne og Heggvoll (2018) sin artikkel om ulike
tilnærmingar til teikning viktig, i tillegg til Fønnebø (2019) si bok «Tegne sammen».
Funna kan peike i retninga av at bruk av ei veksling mellom ulike tilnærmingar til teikning,
samhandling mellom medelevar, og ein teiknande lærar gav rom for utvikling av elevane si visuelle
kompetanse. Dei ulike tilnærmingane gav elevane gradvis progresjon, og samhandlingane bidrog til
støtte gjennom teikneprosessane. Fokus på sjølve prosessen med kolstiften som reiskap gav rom for
ei kroppsleg utforsking, som igjen kan bidra til ei kognitiv utvikling hos elevane. Den leikande
tilnærminga hadde potensiale som stimulerte kreative tankeprosessar i teiknehandlingane, og bidrog
til ekte engasjement hos elevane.
Description
Master i kreative fag og læreprosessar, kunst og handverk,
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Høgskulen på Vestlandet, campus Stord