Biletskapande arbeid med moglegheit for skaparglede
Abstract
Tema for denne masteroppgåva er skaparglede i eit biletskapande arbeid. Det er forska på
både eiga oppleving og elevar på mellomtrinnet sin oppleving av skaparglede.
Problemstillinga for denne undersøkinga er: Korleis kan erfaringar frå eige biletskapande
arbeid bidra til undervisning som gjev elevane ei oppleving av skaparglede i kunst og
handverk på mellomtrinnet? Problemstillinga har blitt undersøkt gjennom ein kvalitativ
metode i ei aksjonsforsking. Aksjonsforskinga består av to aksjonar: aksjon 1) eige skapande
arbeid og utvikling av undervisningsopplegg, aksjon 2) skaparglede ute i skulen.
Skaparglede har blitt undersøkt gjennom teori rundt den skapande prosessen, slik den er
beskrive i Austring & Sørensen (2006). Vidare har teori rundt leik og glede vore relevant for å
undersøkje skaparglede. Motivasjonsteori av Skaalvik og Skaalvik (2021) og Ryan og Deci
(2017), Csikszentmihaly (1990) sin teori om «flow», Bandura (1997) om meistring og Ross
(1978) sin modell for undervisning i kunstfaga er sentral i denne undersøkinga.
I denne masteravhandlinga har det blitt sett på korleis erfaringar frå eige biletskapande
arbeid kan gje elevar ei oppleving av skaparglede. I denne samanheng er det blitt utvikla ein
eigen modell over skaparglede, som er eit resultat av aksjon 1. Ved å bruke modellen i
utforming av undervisning kan det gje moglegheita for skaparglede hjå elevane. Ein kan
dermed nå det overordna målet skaparglede, engasjement og utforskartrong i
læreplanverket LK20 (Kunnskapsdepartementet, 2017).
Sentrale funn frå undersøkinga viser at elevane opplevde skaparglede i ei oppgåve der det
var rom for sjølvbestemming og utforsking i ei leikande atmosfære, med moglegheiter til å
entre det Winnicott (2003) kallar det potensielle rom. Ved å leggje til rette for oppleving av
motivasjon, meistring, kreativitet/fantasi og flow i den biletskapande prosessen, opplevde
både eg og elevane skaparglede.
Description
Grunnskolelærar 1-7. trinn
Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett/Institutt for kunstfag/Kunst og
handverk MGBKH550