Ein affektteoretisk analyse av Kaia Dahle Nyhus sin barnebok En dag drar mamma (2017): Ein studie av korleis bildeboka En dag drar mamma (2017) formidlar tematikken vanskelege familieforhold
Abstract
I denne oppgåva nyttar eg meg av bildebøker og deira evne til å handsame kontroversielle og
sensitive tema. Dette gjer eg gjennom bruk av teori og tidlegare forsking, analyser og ei
spesifikk barnebok kalla En dag drar mamma (2017) skriven og illustrert av Kaia Dahle
Nyhus. I denne oppgåva studerer eg korleis affektive uttrykk og kjensler bli presentert og
påverka av vanskelege familieforhold i bildeboka, sett i lys av affektteori. Boka eg har valt å
studere tematiserer eit vanskeleg familieforhold og iscenesetter ei historie av sårbar karakter.
Boka nyttar seg i tillegg av allegori som eit litterært grep i formidlinga av denne tematikken.
Oppgåva byrjar med ein introduksjon til tema der problemstillinga og oppgåva sitt materiale
blir presentert. Deretter følger ei meir grundig gjennomgang av teori, tidlegare forsking og
metode. Dette inkluderer teori om bildebøker, eksperimentell litteratur og affektteori. Før eg
vidare undersøkjer tidlegare forsking på sårbarheit i litteraturen, kontroversielle, emosjonelle
og sensitive tema i bildebøker, og møte med andre sine livsverder i litteraturen. I tillegg til
kjensler i bildebøker og realisme versus fantastikk. Seinare i oppgåva refererer eg til tidlegare
masteroppgåver der eg studerer kva for forskingsmetode som er brukt i tillegg til resultat av
forskinga. Hermeneutikken er det overordna vitskapsteoretiske grunnlaget i studien min, i
tillegg nyttar eg meg av bildebokanalyse som blir den primære metoden i studien. Deretter går
eg grundig til verks i analysen av bildeboka. I analysekapitlet studerer eg allegoriar i boka, før
eg går nærmare inn på bokas paratekst, perspektiv, bildebokanalyse, affektive impulskjelder,
emosjonelle rom og normalitet, samt kjensler sin varigheit. Avslutningsvis drøftar eg funna og
avsluttar studien
Description
Master i norsk, MGBNO550
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, institutt for språk, litteratur,
matematikk og tolking