Kroppsøvingsundervisning på bygg- og anleggslinja i den vidaregåande skulen: «Korleis førebyggja framtidig helserelatert sjukefråvær i bygg- og anleggsbransjen gjennom kroppsøvingsundervisning i den vidaregåande skulen?»
Abstract
I denne masteroppgåva har eg undersøkt lærarar sine erfaringar med kroppsøvingsundervisning på bygg- og anleggslinja. Dette har eg gjort med utgangspunkt i problemstillinga «Korles førebyggja framtidig helserelatert sjukefråvær i bygg- og anleggsbransjen gjennom kroppsøvingsundervisning i den vidaregåande skulen?». Gjennom kroppsøvingspraksis i ein bygg- og anleggsklasse fekk eg innsyn i elevane sin låge motivasjon for kroppsøving. I tillegg har høgt helserelatert sjukefråvær i bygg- og anleggsbransjen fått meg til å undre; kan ein gjera førebyggjande tiltak allereie i kroppsøvingsundervisninga i den vidaregåande skulen?
I oppgåva vart kvalitative intervju av seks kroppsøvingslærarar nytta som empiri. Analysen av lærarane sine skildringar vart sett i lys av salutogen helseteori, og gjennom diskursanalyse kunne analysen dykka djupare inn i lærarane sine forforståingar. Her studerer ein det underliggande, «det som blir tatt forgitt» i samtalen.
Funna i studien viser at kroppsøvingslærarane som vart intervjua har inntrykk av at elevane på bygg- og anleggslinja er lite motivert for kroppsøvingsundervisning. Lærarane opplev at elevane møter til timen utan kroppsøvingsklede, at dei har «colaen i baklomma» og at det ofte svarar med provoserande haldningar. Omgrepet yrkis blir trekt fram. Det er interessant å reflektere kring lærarane sine forforståingar, og om desse forforståingane har innverknad på undervisningspraksisen i kroppsøving. Gjennom studien kjem det fram at kroppsøvingslærarane ønskjer å realitetsorientera elevane med den kvardagen som møter dei i yrkeslivet. Samstundes ønskjer lærarane at elevane skal få oppleva gleda ved å vera i aktivitet. Dei trekk fram det sosiale fellesskapet, og det å kjenne på meistringskjensla.
Det siste åra har helse vorte meir sentralt i skulen. Gjennom Kunnskapsløftet kom Folkehelse og livsmeistring inn som tverrfagleg tema i skulen (Kunnskapsløftet, 2020). FHI, WHO og NIH trekk fram at fysisk aktivitet er viktig i et samfunnsperspektiv (Folkehelseinstituttet, 2019, 2023; WHO, 1986). Fysisk aktivitet er mellom anna viktig for å sikre livskvalitet og førebygga sjukdom. Gjennom salutogen helseteori i kroppsøving skal lærarar legga til rette for at elevane får moglegheita til å utvikla det Quennerstedt kallar helseressursar (Quennerstedet, 2019). Desse ressursane er viktige for at elevane får kunnskap og bærekraftige erfaringar. Dette kan gje dei et djupare forståing for helse. Her er lærarane sine pedagogiske val sentrale. Omsyn til elevgruppa, elevmedverknad og sosiale ressursar bør vektleggast. Quennerstedt trakk fram et viktig spørsmål; «Korleis nyttar vi fysisk aktivitet til å styrka elevane sine helseressursar?». Dette er eit spørsmål som lærarar kan reflektera over i planlegging av undervisning. Kanskje kan ein og ta omsyn til elevane si ressursutvikling i retning av deira framtidige yrkeskvardag?