Fortellingar gjennom kunst
Abstract
Hensikta med denne studien er å sjå kva unge vaksne som kom til Noreg som einsleg mindreårige flyktningar formidla gjennom sine kunstverk og fortellingar med utgangspunkt i utstillinga til «Kreativ sammen», og kva nokre av dei besøkande ved utstillinga tok med seg frå dette besøket.
Problemstillinga mi er «Kva formidlar unge vaksne som kom til Noreg som einslege mindreårige flyktningar gjennom sin kunst og fortellingar, og kva kan praksisfeltet og samfunnet for øvrig lære av dette?»
Eg har gjennomført ein kvalitativ studie, med utgangspunkt i to separate datamateriale. Det eine datamaterialet er kunstverka og fortellingane til dei norske unge vaksne som deltok i «Kreativ sammen», og det andre datamaterialet er frå semistrukturerte intervju av fem besøkande av utstillinga som sjølve arbeidar med barn og unge. Eg har nytta refleksiv tematisk analyse av begge datamateriala, og fekk fire hovudtemaa etter denne analysa. Desse hovudtemaa er ei nyansert verkelegheitsforståing, betydinga av relasjonar, eit større perspektiv, og det særeigne med kunstbasert formidling og metode. Desse hovudtemaa har eg diskutert opp mot relevant teori og forsking. I ei nyansert verkelegheitsforståing såg eg at kunstverka og fortellingane visar sider av dei unge vaksne sine liv og opplevingar på ein nyansert måte. Vi får både innblikk i styrkar, såre fortellingar og minner, kvardag, gode opplevingar og gode minner. Dei besøkande fortel også om å ha fått ei større forståing, og å tydelegare sjå «menneskje bak» den einslege mindreårige. Betydinga av relasjonar visar viktige relasjonar som dei unge vaksne trekk fram i sine kunstverk og fortellingar. Dette består både av familie, og av dei viktige ikkje-familiære relasjonane. Eit større perspektiv peika på at kunstverka og fortellingane gav eit innblikk i nokon si verkelegheit, at dei visar at gjensidigheit og ønskje om å gjere noko for andre, og draumar om ei trygg og god framtid. Det siste tema er det særeigne med kunstbasert formidling og metode, som visar at informantane kjende på inspirasjon, mogelegheiter, idear og ønskje om å bruke kunstbaserte metodar inn i sitt arbeid med barn og unge. Både for å kunne trekke fram ressursar, og byggje relasjonar.
Description
Master i Sosialvitskap - Barnevernsarbeid Institutt for velferd og deltaking/Fakultet for helse- og sosialvitskap