Klimagassutslepp frå neddemd organisk materiale i vasskraftmagasin
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3158234Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Menneskeskapte utslepp av drivhusgassar fører til klimaendringar. Dette bør føre til rask omstilling av energisystemet frå fossil til fornybar energi, noko som igjen aukar etterspurnaden etter fornybar energi. For å motverke klimaendringane har Noreg forplikta seg til Parisavtalen frå 2015 for å redusere utsleppa, samt auke opptaket av CO2 frå atmosfæren. Noreg er ein av verdas største vasskraftprodusentar der 91,5 % av den fornybare energien kjem frå vasskraft. Mesteparten av denne krafta er produsert ved hjelp av vasskraftmagasin slik at ein kan produsere etter behov. Målsetninga er å produsere fornybar energi med lågast mogleg karbonavtrykk. Neddemming av areal til vasskraftmagasin kan føre til klimagassutslepp, dersom arealet omfattar mykje organisk materiale. Studiar viser at mesteparten av utslepp frå vasskraft kjem som direkte utslepp frå neddemd organisk materiale i sjølve magasinet, likevel kjem det fram at dei fleste livsløpsanalysar av vasskraft ikkje inkluderer dette i rekneskapet. Dette fører til at klimagassrekneskapet for vasskraft vert underestimert.
I denne studien har eg kartlagt 7 ulike vasskraftmagasin rundt om i Sør-Noreg: Granasjøen, Fjergen, Nesjøen, Foldsjøen, Langvatnet, Bergsvatnet og Vatnedalsvatnet. Kartstudiane har blitt gjort ved hjelp av flybilete og vegetasjonskart frå før utbyggingane fann stad. Eg kartla fem naturtypar (myr, vatn, bart fjell, skog og hei) i sju magasin og fann arealet på kvar naturtype i kvart magasin. For å estimere klimagassutsleppet frå magasina, nytta eg naturtypekartlegging og faktorar for karboninnhald for kvar av typane. Estimata frå kartlegginga viser svært store variasjonar i utslepp av CO2 ekvivalentar for dei ulike magasina. Dei to ytterpunkta var Nesjøen som før neddemminga var myrdominert, som igjen førte til eit estimert utslepp på 167509 tonn CO2 ekvivalentar per km2 som følgje av neddemming, og Langvatnet der dominansen av bart fjell førte til eit estimert utslepp på 0 tonn CO2e per km2 .Dei same magasina peikte seg ut på utslepp som følgje av neddemming sett opp mot årsproduksjonen. Nesjøen hadde eit estimert utslepp på 65 gram CO2 ekvivalentar per kWh produsert, og Langvatnet hadde 0 gram utslepp av CO2 ekvivalentar per kWh produsert.