Elevar si matematiske resonnering og strategival i arbeid med matematiske samanhengar gjennom kroppsleg læring
Abstract
Det sentrale ynskje i matematikken er at elevane skal bli problemløysarar, men tidlegare forsking har vist at elevar ofte puggar matematikken og resonnerer imitativt. Dei forstar ikkje det matematiske prinsippet bak eit fenomen. Det er difor nødvendig a endre den tradisjonelle undervisninga til ei undervisning der elevane kan arbeide og resonnere meir kreativt. For å gjere dette har eg i denne studien valt å undersøke korleis elevar resonnerer matematisk og kva strategival dei tek i arbeidet med matematiske samanhengar der den pedagogiske tilnærminga er kroppsleg læring.
Ynskje mitt var å sjå på korleis eit utval elevar resonnerte matematisk og kva strategival dei tok i ei undervisningsøkt med fokus på kroppsleg læring. For å få innsikt i det valde eg å nytte meg av ein kvalitativ forskingsmetode, med observasjon som datainnsamlingsmetode. Det vart gjennomført to undervisningsøkter med 17 elevar fra 7. trinn. Undervisningsøktene gjekk ut på å samarbeide, samtale om og skape erfaringar om matematiske samanhengar gjennom a løyse oppgåver ved a bruke kroppen.
Funna viste at elevane resonnerte kreativt to gonger, men at imitativ resonnering forekom oftast slik tidlegare forsking og viser. Samtidig viste studien at dei ulike gruppene ofte tok forskjellige strategival og resonnerte ulikt når dei løyste dei same oppgåvene. I tillegg endra somme grupper strategival undervegs og brukte fleire strategiar for a løyse ei oppgave. Den induktive strategien ≪prøve ut≫ vart nytta hyppig for enten å løyse oppgava eller for a sjekke om svaret var rett. Erfaringsbasert resonnering var ein resonneringskategori eg fann, som viste at elevane brukte erfaringar fra tidlegare oppgaver for a løyse dei aktuelle oppgavene.
Description
Master i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, matematikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen