Elevars resonnering når dei arbeider med figurmønsteroppgåver i Minecraft
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3155413Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Formålet med denne studia har vore å sjå på korleis elevar på 5. trinn resonnerer når dei arbeider med figurmønsteroppgåver i Minecraft. For å gjere dette har det blitt gjort ein kvalitativ studie, der 15 elevar på 5. trinn var fordelt på seks grupper på to til tre elevar. Kvar gruppe arbeidde i lag på ein pc, der dei fekk presentert figurmønsteret inne i Minecraft i form av dei fire første figurane. Samtidig fekk dei eit oppgåveark med spørsmål om korleis figur 5, 10 og 100 ville sjå ut, der dei også skulle svare på korleis dei fann ut dette. For å få innsikt i resonneringa til elevane, tok eg lydopptak av kvar gruppe, og dermed fekk eg tak i samtalane elevane hadde med medelevar og studentar. Lydopptaka vart også transkribert etterpå. Studia er aktuell for lærarar fordi resonnering er ein del av kjerneelementet «resonnering og argumentasjon» i læreplanen (Kunnskapsdepartementet, 2019), og det er eit auka fokus på digitalisering i skulen (Utdanningsdirektoratet, 2021).
Transkripsjonane og lydopptaka vart analysert ut frå Jeannotte og Kieran (2017) sin modell for matematisk resonnering. Fokuset var på dei ni resonneringsprosessane generalisering, lage formodning, identifisere mønster, samanlikning, klassifisering, rettferdiggjering, føring av bevis, føring av formelt bevis og eksemplifisering. Kategorien generalisering vart delt inn i rekursiv strategi, funksjonsmessig strategi og heil-objekt strategi basert på tidlegare forsking om generalisering (El Mouhayar & Jurdak, 2015; Healy & Hoyles, 1999; Lannin, 2005).
Studia viser at alle dei seks gruppene engasjerte seg i rekursiv generaliseringsstrategi, og at dei i tillegg brukte enten funksjonsmessig eller heil-objekt strategi, eller begge. Alle gruppene samanlikna og eksemplifiserte, og halvparten identifiserte mønsteret. Ei gruppe var innom rettferdiggjering, og ein elev på ei gruppe var på veg mot å lage ein formodning. I hovudsak var det tre utfordringar som gjekk igjen hos alle gruppene. Dei hadde problem med å gå vekk frå det spesifikke og over i det generelle, dei overførte strategiane sine frå oppgåve 1 til oppgåve 2 utan å utforske figurmønsteret i oppgåve 2 godt nok til å sjå alle forskjellane, og dei hadde problem med å rettferdiggjere svara sine. Til slutt gir ikkje studia svar på i kva grad Minecraft har påverka resonneringa, noko som kan vere tema for vidare forsking, men ein ser at elevane har engasjert seg i resonnering medan dei arbeidde i spelet.
Beskrivelse
Master i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, matematikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen