Å vera regissør og pedagog i kulturskulen
Master thesis
View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for kunstfag [309]
Abstract
I denne masteroppgåva har eg undersøkt teaterlæraren sin rolle som pedagog og regissør i arbeid med produksjonar i kulturskuleundervisninga. Eg har difor gjennomført eit feltarbeid i to teatergrupper ved ein kulturskule. Desse gruppene var begge for elevar på barneskule trinna, og det var same teaterlærar ved begge gruppa. Eg har nytte kvalitative metodar som observasjon, individuelle intervju og gruppeintervju for å samla inn data ifrå før, etter og under undervisningsøktene og førestillinga. Det eg ønsker å finne ut meir om, er korleis teaterlærarar i kulturskulen kombinerer dei to rollene som pedagog og regissør, og deira eigen tanke rundt praktiseringa av dei to rollene.
Bakgrunnen for at eg ville undersøke dette, er mi eiga erfaring og praksis som teaterlærar i kulturskule. Der eg sjølv nokre gonger har følt meg dratt mellom desse rollene. Som teaterlærar har du eit pedagogisk ansvar for elevane, og for deira teaterfaglege utvikling. Samstundes har ein også eit ansvar for å lage ein førestilling, som publikum finner underhaldande og meiningsfull. Føresette og elevar kan ha forventningar om manus, replikkar og ei kjent historie, medan ein som pedagog ønsker å gje elvane ei anna utfordring. Kva skal ein prioritera? Eg ønsker å sjå nærmare på dette dilemmaet i denne oppgåva, og vil sjå på korleis jobbar teaterlæraren og om nokre meistrar kombinasjonen av desse rollene og perspektiva.
Problemstillinga i mi oppgåve er difor: Korleis kan ein ha eit fokus på kompetanse og ferdigheitsutvikling hjå elevane i kulturskulen, og samstundes skape ein kunstnarisk og estetisk oppleving for eit publikum?
Eg har gjennom mine funn sett at det er fleire måtar ein kan oppnå dette på. Ein kan gjennom leik og dramakonvensjonar, nytte prinsippa til Stanislavskji for å skape betre spel for eleven, men også ved at eleven blir vandt til nokre av grunntankane til skodespelarteorien. Val av førestilling kan også vera ein nøkkelfaktor for å kunne ha læringsmål knytt til ferdigheit, som kan gå på akkord med dei kunstnariske måla til førestillinga. Ein må sjå eleven, skape glede for teater og gjere elevane stole over det dei framfører
Description
Master i dramapedagogikk og anvendt teater. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen