Berekraftig utvikling i samfunnsfaget: Ei diskursanalyse av lærebøker på ungdomstrinnet
Abstract
Denne masteroppgåva undersøkerkorleis lærebøker i norsk skule formidlar diskursar om berekraftig utvikling, med utgangspunkt i den overordna problemstillinga: «Kva sentrale diskursar om berekraftig utvikling kan identifiserast i eit utval av lærebøker?». For å svare på oppgåva har den kvalitative metoden diskursanalyse blitt anvendt. Formålet er å identifisere sentrale diskursar om berekraftig utvikling; kva skriv læreverka om berekraftig, kva diskursar kjem til uttrykk og kva læreverk fremjar desse i størst grad. I denne oppgåva referer diskurs til FN, Nord/Sør og sirkulærøkonomi –tre diskursar som er blitt identifisert gjennom kodingsarbeidet. Dette er ulike tilnærmingar relatert til berekraftig utvikling. Datamaterialet består av ni lærebøker for 8.-10.trinn, tre lærebøker for kvart trinn henta frå dei tre forlaga Gyldendal, Aschehoug og Cappelen Damm. Læreverka er utforma i tråd med Kunnskapsløftet 2020.
Forskingsfunna viser at læreverka er nokså ulike i si framstilling av berekraftig utvikling. Likevel er alle i stor grad forankra i FN-diskursen om berekraftig utvikling. Diskursen byggjer på prinsippa frå Brundtlandkommisjonen sin rapport «Vår felles framtid» og FN sine berekraftsmål. Andre funn viser at Nord/Sør-diskursen blir formidla frå ulike vinklar, inkludert økonomisk ulikskap, ressursutnytting og historiske årsaker. Sirkulærøkonomi-diskursen blir også presentert med ulike tilnærmingar.
Gjennom diskursanalysen har oppgåva avdekka at lærebøkene i stor grad reflekterer ein pluralistisk tilnærming til berekraftig utvikling, som byggjar på ideen om at det ikkje finnast ei enkeltståande løysing på komplekse utfordringar. Pluralistisk tilnærming fokuserer på å integrere ulike synsvinklar. Likevel er det rom for forbetring, spesielt i korleis lærebøkene balanserer ulike aspekt ved berekraft, og i kva grad dei utfordrar etablerte normer og strukturer.
Description
Master i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, samfunnsfag. Høgskulen på Vestlandet.