Sluttrapport våren 2024: Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning 1-7
Abstract
Hausten 2022 starta Høgskulen på Vestlandet (HVL) opp samlingsbasert Grunnskulelærarutdanning 1–7 (S-GLU) ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Dei to første åra vart det sett av ressursar til følgjeforsking på denne nye utdanninga. Denne sluttrapporten byggjer på og er ei supplering av Midtvegsrapport våren 2023 Samlingsbasert grunnskulelærarutdanning 1–7 (Almås et al., 2023). Studieåret 2023/24 har følgjeforskinga følgt kullet som starta i 2022, totalt åtte studentar dette andre studieåret. Denne sluttrapporten svarar på følgjande spørsmål: Korleis erfarer dei ulike aktørane overgangen mellom første og andre studieår i S-GLU, og kva utfordringar og moglegheiter kan identifiserast i denne overgangen og i gjennomføringa av det andre studieåret? Sluttrapporten inneheld først ei supplering av kunnskapsgrunnlaget frå midtvegsrapporten om samlingsbaserte utdanningar. Her inkluderer me nasjonale dokument som profesjonsmeldinga (KD, 2024) og rapportar om fleksible utdanningstilbod i tillegg til lokalt arbeid med desentraliserte og delvis nettbaserte utdanningar frå 2004 ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og den nye satsinga med Vestlandsklassar i HVL. Samla sett dokumenterer begge rapportane at HVL har lang erfaring med å tilby fleksible, desentraliserte utdanningar. Med erfaringane frå S-GLU i tillegg, vil HVL difor vera godt rusta til å svara på regjeringa sitt ønske om gjera profesjonsutdanningane meir fleksible og praksisnære i framtida. Det empiriske materialet i midtvegsrapporten var knytt til campus Stord, medan materialet i sluttrapporten no er knytt til campus Sogndal. Me har også denne gongen intervjua faglærarar, studentar og prosjektleiarane for utdanninga, og me har observert undervisning fysisk og digitalt. Materialet blir presentert i analysekategoriane læringsressursar, læringsprosessar og læringskontekstar, og me fokuserer på å få fram stemmene til dei ulike aktørane om kvar av desse tematikkane. 6 I jamføringa av første og andre studieår finn me fleire likskapstrekk innanfor alle analysekategoriane. For det første ser me at studentane i år som i fjor møter eit stort repertoar av læringsressursar i bruk både på fysiske og digitale samlingar. Ein skilnad mellom studieåra er at ein dette andre året (S-GLU2) har lagt opp til fleire asynkrone undervisningsøkter. Dette var eit ønske frå studentane det første året (S-GLU1), men det ser likevel ikkje ut til at denne endringa har fungert slik det var tenkt. Dette er blant anna knytt til at studentane synest det er krevjande å prioritera og arbeida sjølvstendig. I tillegg ser me ein diskrepans mellom korleis studentar og lærarar definerer undervisning. Studentane ser undervisning som noko som går føre seg i heil klasse, medan lærarane legg opp til ei meir heilskapleg forståing av læringsprosessar. Nokre lærarar har brukt tid på utvikling av eigne undervisningsressursar, men studentane ser ikkje på dette som undervisning dersom ressursane ikkje vert følgt opp saman med lærar. Læringsprosessane begge studieåra ber preg av mykje variasjon og stort fokus på studentaktivitet både på og mellom samlingane. Likevel ser me at bruken av læringsplattforma Canvas viser eit noko uutnytta potensial for dialogiske prosessar. Når det gjeld læringskontekstar, er S-GLU2 prega av at alle dei involverte aktørane er negative til campusvekslinga mellom Stord og Sogndal. Studentane omtalar det å vera student i S-GLU2 i meir negative ordelag enn dei gjorde i S-GLU1, noko me set i samanheng med at studentane sitt ønske etter S GLU1 om at kvart kull skulle vera knytt til berre éin campus, ikkje vart tatt til følgje. Lærarane og prosjektleiarane trekkjer fram både faglege og organisatoriske utfordringar med campusvekslinga, slik som tid til samarbeid på tvers av undervisningspraksisar og -kulturar på ulike campusar. Rapporten vert oppsummert med nokre tilrådingar for arbeidet vidare med fleksible lærarutdanningar: 1) Tydeleg prosjektleiing i ei fleksibel utdanning er svært viktig for at utdanninga skal fungera godt. Prosjektleiarane har arbeidd mykje med å forstå og forma innhaldet i rolla si, og her saknar ein ei tydelegare rolleavklaring for prosjektleiarane ved oppstart og i overgangen til nytt studieår. Prosjektleiarane har også sakna å bli tekne med på råd på leiarnivå når det skal takast avgjerder om S-GLU som utdanning. Me 7 meiner at prosjektleiinga bør vera representert og bli lytta til når avgjersler knytt til utdanninga skal takast på høgare nivå. 2) Ei fleksibel utdanning set krav til omstilling av lærarrolla. Lærarane har gjort seg viktige erfaringar med å planlegga og gjennomføra ei nettstøtta og samlingsbasert utdanning desse to første åra av S-GLU. Lærarane har også tatt studentane sine tilbakemeldingar på alvor og gjort mange endringar undervegs. Desse erfaringane med omstilling er verdfulle i lærarane sin utviklingsprosess. Leiinga valde å trekkja S-GLU frå studietilbodet hausten 2024, og det er uheldig at desse utviklingsprosessane må setjast på vent før eventuelle nye S-GLU-kull startar opp att. Me meiner det er vesentleg å byggja framtidige fleksible lærarutdanningar på lærarane sine erfaringar med korleis dei legg til rette for slike studentgrupper. 3) I ei fleksibel utdanning er det viktig med tett oppfølging av studentane. Både lærarane og prosjektleiinga har vore tett på studentane og lytta til dei, og dei har prøvd å koma dei i møte og lagt til rette innanfor dei fastlagde rammene. Sjølv om studentane har søkt seg inn på ei fleksibel utdanning, understrekar dei eit sterkt behov for endå tettare oppfølging frå lærarar. Denne studentgruppa har eit særleg behov for samhandling med andre og læring gjennom dialogiske praksisar, t.d. gjennom utforskande samtalar. Me meiner at dersom ein klarar å leggja endå betre til rette for dette i ei fleksibel utdanning, vil truleg også studentane meina at dei får tettare oppfølging. Konkret kan dette t.d. vera å gjennomføra førebudde fagsamtalar i nettøkter, der asynkrone økter dannar utgangspunktet for fagsamtalane. 4) Praksisopplæringa i ei fleksibel lærarutdanning bør skilja seg vesentleg frå praksisopplæring i dei ordinære lærarutdanningane. Studentgruppa i S GLU skil seg frå ordinær GLU ved at dei har høgare gjennomsnittsalder og meir arbeids- og livserfaring. I tillegg er S-GLU-studenten i større grad stadbunden og etablert enn den ordinære GLU-studenten. Me har to 8 forslag til endring av praksis som me meiner at leiinga bør diskutera framover. Det første er at praksisplassen bør vera nær heimstaden til studenten. I staden for å nytta dei same praksisskulane som for ordinær GLU og gjera unntak frå dette ved å innvilga søknader om tilrettelegging, meiner me at S-GLU heller bør gjera desse unntaka til regelen. Det andre forslaget er å gjera praksis meir arbeidsplassbasert. Det vil seia at praksis for S-GLU inneber å vera tilsett i relevant arbeid på skular ein til to dagar kvar veke, og desse dagane vil samla utgjera praksisen deira. På denne måten kan studentane vera i arbeid og ha praksis samstundes. Det er mange som vil ha innvendingar mot ei slik radikal endring av praksis, men me meiner det er mogleg å få til at HVL går inn og kvalitetssikrar. Ei slik ordning vil både svara på skulane i distrikta sitt behov for meir arbeidskraft, studentane sitt behov for inntekt og utdanninga sine krav om praksis. I tillegg kan truleg ei slik gulrot bidra positivt i rekruttering av fleire studentar. 5) Endeleg vil me leggja til at HVL si avgjerd om å setja av ressursar til følgjeevaluering er eit godt grep som kan vidareutviklast. Ein meir strukturert og refleksjonsorientert modell med forsking på oss sjølve er eit godt grunnlag både for å byggja, oppretthalda og utvikla kvalitet i fleksible utdanningar. Me meiner at følgjeforskinga av S-GLU særleg har vist at dialog med og involvering av dei mange aktørane er vesentleg for å lukkast med slike utdanningar
Description
Skriftserien ved HVL, rapport