Biletskapande arbeid med moglegheit for skaparglede
Master thesis
View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for kunstfag [299]
Abstract
Tema for denne masteroppgåva er skaparglede i eit biletskapande arbeid. Det er forska på både eiga oppleving og elevar på mellomtrinnet sin oppleving av skaparglede. Problemstillinga for denne undersøkinga er: Korleis kan erfaringar frå eige biletskapande arbeid bidra til undervisning som gjev elevane ei oppleving av skaparglede i kunst og handverk på mellomtrinnet? Problemstillinga har blitt undersøkt gjennom ein kvalitativ metode i ei aksjonsforsking. Aksjonsforskinga består av to aksjonar: aksjon 1) eige skapande arbeid og utvikling av undervisningsopplegg, aksjon 2) skaparglede ute i skulen.
Skaparglede har blitt undersøkt gjennom teori rundt den skapande prosessen, slik den er beskrive i Austring & Sørensen (2006). Vidare har teori rundt leik og glede vore relevant for å undersøkje skaparglede. Motivasjonsteori av Skaalvik og Skaalvik (2021) og Ryan og Deci (2017), Csikszentmihaly (1990) sin teori om «flow», Bandura (1997) om meistring og Ross (1978) sin modell for undervisning i kunstfaga er sentral i denne undersøkinga.
I denne masteravhandlinga har det blitt sett på korleis erfaringar frå eige biletskapande arbeid kan gje elevar ei oppleving av skaparglede. I denne samanheng er det blitt utvikla ein eigen modell over skaparglede, som er eit resultat av aksjon 1. Ved å bruke modellen i utforming av undervisning kan det gje moglegheita for skaparglede hjå elevane. Ein kan dermed nå det overordna målet skaparglede, engasjement og utforskartrong i læreplanverket LK20 (Kunnskapsdepartementet, 2017).
Sentrale funn frå undersøkinga viser at elevane opplevde skaparglede i ei oppgåve der det var rom for sjølvbestemming og utforsking i ei leikande atmosfære, med moglegheiter til å entre det Winnicott (2003) kallar det potensielle rom. Ved å leggje til rette for oppleving av motivasjon, meistring, kreativitet/fantasi og flow i den biletskapande prosessen, opplevde både eg og elevane skaparglede
Description
Master i grunnskolelærerutdanningen 1. - 7. trinn, kunst og håndverk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen