Betydinga av staden og lærarar sine erfaringar for bruken av uteskule
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3151606Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Vi lever i ei tid kvar jordkloden treng vår merksemd og kjærleik. Det er naudsynt å gjere nokre endringar knytt til opplæringa, og leggje til rette for at barn og unge utviklar glede og kjærleik ovanfor naturen. Samstundes oppfordrar Kunnskapsløftet 2020 lærarar til å tenkje nytt. Med LK20 har lærarar fått større autonomi når det kjem til undervising. Opplæringa skal baserast på andre prinsipp som djupnelæring, tverrfaglege emne og varierte læringsarenaer.
Med bakgrunn i dette vil eg presentere mi masteravhandling kalla Betydinga av staden og lærarar sine erfaringar for bruken av uteskule. Ein kvalitativ studie av lærarar sine ulike erfaringar og tilnærmingar til arbeidsmåten uteskule. Bakgrunnen for studien handlar om å lære meir om uteskule som framtidig lærar, basert på gode erfaringar frå min eigen skulegang. Målet med dette masterprosjektet er å kartleggje korleis uteskule kan sjå ut hos ulike lærarar og på ulike stader. Problemstillinga eg har valt lyd slik: Korleis nyttar lærarar nærmiljøet til skulen i undervisning og kva betyding har staden for utføringa av uteundervising.
Denne studien svarar til ei metodeblanding, og innebere to ulike tilnærmingar. Den første tilnærminga var å gjennomføre ei anonym spørjeundersøking, retta mot alle lærarane ved 1-7.trinn på to skular, Lille og Store skule. Grunngjevnaden til dette var å skaffe oversikt over korleis lærarane nytta uteskule på desse stadene, samt undersøkje skulane sine nærmiljø. Den neste tilnærminga veg tyngst i masteravhandlinga mi. Eg gjennomførte djupneintervju med to lærarar, ein frå kvar skule. Slik fekk eg studere korleis to ulike lærarar vel å implementere undervising i skulane sine nærmiljø.
Materialet indikerer ein samanheng mellom kvifor lærarar vel å implementere nærmiljøet til skulen i eiga undervising og korleis dei brukar uteskule som arbeidsmåte. Lærarar nyttar uteskule i ulike fag, men naturfag er ein favoritt. Eit viktig funn viser at uteskule kan fremje eit inkluderande læringsmiljø, i møte med fleirspråklege elevar og elevar med lærevanskar. At elevane får knyte band til ein stad er viktig, då funna indikerer at elevar som vert kjend med naturen, kan utvikle kjærleik for den og dermed eit ynskje om å ta betre vare på den. Forskingsarbeidet har vist at staden har betyding for utføring av uteskule. Det er ikkje naudsynt staden som heilheit som har betyding, men ulike aspekt ved staden som skapar moglegheiter i nærmiljøet
Beskrivelse
Master i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, samfunnsfag. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen