Dataspel? Ja takk! Ei masteroppgåve om 6. klasse sine tankar om dataspel heime og på skulen
Abstract
Denne oppgåva har hatt som føremål å undersøka korleis elevar oppfattar og forheld seg til dataspel både heime og på skulen. Datamaterialet vart samla inn ved å gjennomføra fem semistrukturerte intervju på ein barneskule på Vestlandet hausten 2023. Datamaterialet vart manuelt transkribert og koda tematisk. Totalt er studien delt inn i 6 kapittel der analysen utgjer to av kapitla. Ved å bruka «Gamer Motivation Model» skapt av Nick Yee (2019) og spelkategoriseringa til Lykke Guanio-Uluru (2020), vil oppgåva prøva å svara på følgande forskingsspørsmål: «Kva spelar elevane heime, og korleis er elevane som spelarar?» og «Kva er viktig for elevane når dei spelar dataspel på skulen?».
Funn frå studien viser at elevane har ei variert tilnærming til dataspel. Elevane spelar hovudsakleg handlingsorienterte spel heime, der dei føretrekkjer korte og konkrete oppgåver. Dei likar å spela i grupper med vener eller andre elevar, og dette gir dei ein sjanse til å utforska og samarbeida med andre. Elevane verkar ikkje så opptekne av strategispel eller prosessorienterte spel. Når det kjem til spelemotivasjon, viser elevane sine utsegn at dei kan plasserast i kategoriane action, immersion, mastery og social laga av Nick Yee. Dei har få eller ingen motivasjonar knytta til creativity og achievement.
På skulen oppgir elevane at dei berre har spelt Minecraft, men at dette er eit spel dei synest er kjekt på skulen. Dette kan delvis skuldast læraren si tilnærming til å integrera dataspel i undervisninga, der han kanskje ubevisst gjer om spel som Minecraft til handlingsspel for å skapa meir struktur og fokus. Likevel viser elevane ei positiv haldning til bruken av dataspel i skulen, noko som indikerer ei interesse for å utforska nye måtar å læra på. Det er også interessant å merka seg at ingen av elevane oppgir at dei spelar Minecraft heime.
Når det kjem til kva som er viktig for elevane når dei spelar dataspel på skulen, er tilhøyrsle og autonomi sentrale faktorar. Elevane set pris på å spela i grupper og å ha tid til å fullføra prosjekt. Samstundes viser dei interesse for struktur og rettleiing frå læraren, som kan hjelpa dei med å nå læringsmål og oppleva meir engasjement i undervisninga. Dette understrekar viktigheita av ei lærarrolle som kombinerer instruksjon med rettleiing, der læraren tilrettelegg for strukturerte læringsmål samtidig som han oppmuntrar til autonomi og utforsking.
Description
Master i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, samfunnsfag. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen