Statistisk kompetanse hjå elevar på 10.trinn
Abstract
Tidlegare forsking viser at det er naudsynt med ulike ferdigheiter i møtet med statistikk, som til dømes å lese av grafar eller tabellar, samt å vere kritisk til statistikken. Læreplanverket seier at nettopp elevar sin kritiske tenking er ein sentral del av opplæringa (Kunnskapsdepartementet, 2017). Fokuset til denne masteroppgåva var få undersøke Korleis kjem nokon elevar på 10.trinn sin statistiske kompetanse til syne gjennom arbeid knytt til ei sak om fjorddeponi i Førdefjorden? Ein har lagt vekt på å sjå etter elevar sin statistiske kompetansen og sett etter korleis denne har kome fram gjennom samtale mellom elevane. For å svare på problemstillinga vart det gjennomført ei enkeltcasestudie i ein 10.klasse med tema fjorddeponi i Førdefjorden. To studentar gjennomførte eit undervisingsopplegg, som blei brukt i to ulike masteroppgåver. Studentane delte ut til saman tre oppgåver som elevane saman i grupper på tre skulle diskutere, og det vart teke lydopptak av elevane som hadde samtykka til dette, og vidare vart lydopptaka transkriberte. Frå to av gruppene som deltok i undervisningsopplegget er det henta ut samtaleutdrag, og desse er analysert ved hjelp av eit teoretisk rammeverk inspirert av Gal (2002) sine fem kunnskapselement og Weiland (2017) sine aspekt på kritisk statistisk kompetanse. Vidare undersøkte ein korleis aspekta, Leseferdigheit, Statistisk kunnskap, Matematisk kunnskap, Kontekstkunnskap og Evna til å stille kritiske spørsmål kom til syne, og her blei IC-modellen til Alrø & Skovsmose brukt til å undersøke kva kvalitetar i samtalen som kom i spel då elevane arbeidde med oppgåvene. Analysen av samtaleutdraga viste at elevane evna å lese av grafar og tabellar som dei fekk utdelt frå oppgåvene i undervisingsopplegget, i tillegg til at elevane til ein viss grad forstod bodskapen bak statistikken. Nokre få elevar evna å stille kritiske spørsmål rundt korleis statistikken var laga, kven den var laga av og om den var til å stole på. Den statistiske kompetansen til elevane kom til syne på fleire ulike måtar, til dømes gjennom talehandlingar som ein kunne sjå i lys av IC-modellen, og ved at elevane la fram påstandar, tenkte høgt, utfordra kvarandre og dette leia diskusjonen vidare til den statistiske kompetanse kom til syne. Ein såg også at nokre aspekt kom til syne, etter at andre aspekt kom var i spel
Description
Master i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, matematikk