Elevar sin skriftelege argumentasjon i dokumentasjon av koder i programmering
Abstract
I dagens digitale samfunn er kompetanse innanfor programmering blitt framheva og
etterspurnad. Difor har dette kome tydeleg inn i matematikkundervisinga, der programmering
blir oppfatta som ein kompetanse og eit verktøy for å utvikle matematiske ferdigheitar. Sjølv
om læreplanen oppfattar ein klar kopling mellom matematikk og programmering
(Kunnskapsdepartementet, 2019), så er det usikkerheit i forskingsfeltet over korleis ein skal
utvikle og undervise begge fagfelta på ein likeverdig måte. I denne studien har det blitt
fokusert på eleven sin dokumentasjon av koder, som ein relevant arbeidsmetode for både
programmerings- og matematikkfeltet. På denne måten har eg gått nærmare inn på korleis
eleven argumenterer kring val av kodar, ved at dei sjølv skriv kommentarar i programmet dei
utviklar. Formålet med denne oppgåva er å få større kunnskap om korleis elevane strukturerer
argumentasjonen sin i føring av dokumentasjonar og kva potensiale som finst hjå elevane.
Oppgåva si problemstilling er følgande: «Kva for argumentasjonstrekk kan identifiserast i
ungdomsskuleelevar sin dokumentasjon av kode i ein matematikkaktivitet?».
For å svare på problemstillinga vart det gjennomført ein kvalitativ analyse, der seks elevar sin
skriftelege argumentasjon vart samla inn og analysert ved hjelp av Toulmin sin modell (2003)
og Krummheuer (1995) sin tilnærming til modellen. Elevane løyste matematikkoppgåver, ved
bruk av tekstprogrammeringspråket Python, der hovudfokuset er på å dokumentere kvifor dei
valde kodane til programmet. Datamaterialet bestod difor av elevane sine eigne tankar og
sjølvvalde kodar, som såleis vart analysert og presentert som funn i studien.
Funna gav innsikt i elevane sin struktur i argumentasjonen, der elevane viste både manglar og
utfyllande argument. Nokre elevar viste til enkel argumentasjon, der fokuset var å skildre og
fortelje målet til koden. Andre elevar fokuserte på å fremme eigen kompetanse for
programmering, som ein støtte og eit grunnlag for koden sin eigenskap og formål. Ein
utfordring i analysen var eleven sine implisitte utsegn, noko som var ein gjennomgåande
faktor i datamaterialet. Eleven sitt val av oppsett og omgrep var også interessant, ettersom
dette kunne fortelje noko om ulikskapen mellom eit avansert og enkelt språk, og mellom
mange og få kommentarar. Funna frå denne studien viser at elevane argumenterar utifrå ein
gitt kontekst, der kompetanse, fagleg sjølvtillit og forventingar er døme på faktorar som spelar
inn på eleven sin skriftelege argumentasjon
Description
Master i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, matematikk