Digitale verktøy for elevar med dysleksi på ungdomsskulen
Abstract
I forskingsprosjektet mitt har eg undersøkt bruken av digitale verktøy blant elevar med dysleksi ved ungdomsskulen. Formålet med studien var å betre forstå kva slags verktøy desse elevane nyttar, med mål om å kunne støtte dei betre i deira opplæringsprosess og gi nyttige tips til kollegaer basert på elevane sine eigne erfaringar. Eg valde å nytta meg av ei kvalitativ tilnærming. Datamaterialet baserer seg på sju kvalitative intervju av elevar og deira erfaringar og opplevingar med bruken av digitale verktøy som kompensasjon. Informantutvalet bestod av sju ungdomsskuleelevar med påvist dysleksi. Resultata frå studien viser at elevane i utvalet mitt nyttar digitale verktøy i avgrensa grad. Undersøkinga syner at det er sprik i kva slags verktøy elevane veit om, kva dei har fått opplæring i og om dei i det heile har fått opplæring. Denne studien stadfestar tidlegare forsking som understrekar viktigheita av opplæring for at elevane skal kunne dra nytte av digitale verktøy på ein effektiv måte. Det er essensielt at både lærarar og elevar har naudsynt kompetanse for å kunne integrere slike verktøy i undervisninga og læringsprosessen.
Description
Master i praktisk utdanningsvitenskap. Høgskulen på Vestlandet