Språkpolitikk i opplæringslova
Abstract
Opplæringsfeltet står i ei særstilling for å sikre norsk som samfunnsberande språk, og opplæringslova er ei viktig språklov nettopp fordi ho regulerer språkopplæringa. Ei ny opplæringslov trer i kraft hausten 2024, og i denne studien undersøkjer eg kva for språkpolitikken i opplæringslova gjennom problemstillinga «Kva for språkpolitiske oppfatningar ligg til grunn for reglane som gjeld nynorsk i den nye opplæringslova?».
For å kunne arbeide med problemstillinga, har eg formulert desse forskingsspørsmåla:
• F1: Kva for argumentasjonsheimlar ligg til grunn for reglane som gjeld nynorsk i den nye opplæringslova?
• F2: Korleis bidreg heimlane og tiltaka i den nye opplæringslova til å oppnå målsetnadene i språklova?
• F3: Korleis kan heimlane som ligg til grunn for reglane som gjeld nynorsk i opplæringslova, knytast til ulike språkideologiar?
Prosessen med den nye opplæringslova gjekk delvis parallelt med prosessen for den nye språklova. Språklova slår fast at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk, og i denne studien undersøkjer eg om den nye opplæringslova er i tråd med målsetnadane i språklova. Eg etablerer eit teoretisk rammeverk for studien med særleg vekt på språkpolitikk og språkideologi. Med Stephen E. Toulmin sin modell for argumentasjonsanalyse tek eg føre meg offentlege dokument knytt til utarbeidinga av den nye språklova, analyserer argumenta for dei ulike ordningane som gjeld nynorsk i opplæringslova, og identifiserer kva for heimlar som ligg til grunn for ordningane. Ordningane som gjeld nynorsk i den nye opplæringslova, er eit framhald av nøytralitetspolitikken som har dominert opplæringsfeltet, og jamvel om målsetnadane om ei opplæringslov som bidreg til å fremje nynorsk, er til stades, vitnar ikkje sjølve ordningane i lova om det. Det er likevel fleire endringar i den nye opplæringslova som kan vere positive for nynorsk og nynorskelevane.
Description
Master i didaktiske praksiser. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen