Korleis erfarer elevane å delta i valfaget fysisk aktivitet og helse og e-sport
Abstract
Bakgrunn: Nyare estimat indikerer at ungdom ikkje når anbefalingar om minimum 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag. Bruk av teknologi er ein av årsakane til dette. I dei fleste land viser det seg at unge stadig bruker meir tid på mobiltelefon, datamaskiner eller andre konsollar. I høve dette, så vart E-sport inkludert som ein del av valfaget fysisk aktivitet og helse ved ein ungdomsskule for å sjå om dette kunne føre til ei endring i vanar hjå elevane på skulen.
Materiale og metode: Kvalitativ studie med to gruppeintervju av 21 elevar som deltok på valfaget fysisk aktivitet og helse på 10. trinn. Kvart intervju hadde ei varigheit på ca. 30 minutt og vart tatt opp på dikatfon, transkribert og deretter analysert ved bruk av John Dewey sitt erfaringsomgrep og tidlegare forsking på feltet.
Resultat: Funn i denne oppgåva viser at ein større andel av elevane erfarte innhaldet i fysisk aktivitet som betre enn venta, educative, og opplevde at det var kjekt å vere i fysisk aktivitet, og syntest at det var positivt å samarbeide med elevar som hadde ein meir fysisk aktiv kvardag enn seg sjølv. Kva type aktivitet har hatt noko å sei for elevane sine erfaringar i valfaget. Det kjem fram at kva type aktivitet, eksemplevis fjelltur, har hatt noko å sei for korleis elevane opplevde undervisninga og funna kan tyde på at dette kan føre til miseducative erfaringar. Funn viser også at jentene i undersøkinga opplevde at gjennom deltaking i valfaget, så er det større sannsynlegheit for å vere i fysisk aktivitet på fritida enn tidlegare. Dei seie også at dei har fått betre kunnskap om fysisk aktivitet og ernæring og forstår viktigheita av dette både med tanke på «gaming» og ellers. Gutane derimot seie at dei mest sannsynleg ikkje vil bli meir aktiv og ser heller ingen grunn til å vere i meir fysisk aktivitet. Det kjem også fram av funna at elevane hadde sett for seg å lære meir om E-sport.
Konklusjon: Funna i undersøkinga tyder på at elevane stort sett har hatt positive erfaringar ved deltaking i fysisk aktivitet og helse og E-sport. Det viser seg derimot at det spelar ei rolle kva type aktivitet som blir gjennomført. Det er også ulikt mellom jente og gut når det kjem til sannsynligheita for ein meir fysisk aktiv livsstil etter avslutta valfag.
Description
Master i didaktiske praksiser. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen