Praksis i barnehagelærarutdanninga ved ein institusjon i Noreg: Ein studie av studentane sine opplevingar og erfaringar i praksis
Master thesis

Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3149757Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dei siste åra har det vore ein markant nedgang i søkartal til barnehagelærarutdanninga i Noreg. I denne treårige bachelorutdanninga skal studentane tileigne seg både teoretisk og praktisk kompetanse. Praksisperiodane er ein sentral del ved studiet der studentane får øve seg på å kople teori og praksis saman. Studentane møter eit krav om 100% deltaking i praksis som skal føregå ved minst 100 dagar gjennom studieløpet. Trass i at kvantitative undersøkingar viser moderat nøgde studentar, er det gjort få kvalitative studiar der det vert teke utgangspunkt i studentperspektivet. I denne masteroppgåva har eg gjennomført ei kvalitativ undersøking av studentar sine opplevingar og erfaringar i praksis under barnehagelærarutdanninga. Problemstillinga er følgjande: Korleis opplever og erfarer nokre 3. års barnehagelærarstudentar praksis under utdanninga? Den teoretiske ramma for studien består av både Biesta sin teori om utdanning og Merleau Ponty sin teori om opplevingar og erfaringar, ettersom problemstillinga tar utgangspunkt i opplevingar og erfaringar i eit utdanningsløp. For å undersøke problemstillinga er det gjennomført fire semistrukturerte intervju med barnehagelærarstudentar som var på sitt tredje studieår. Mine funn viser at studentane har ulike opplevingar og erfaringar etter kva praksisbarnehage dei er i. Studentane opplever samanheng mellom teori og praksis, men manglar både teoretisk og praktisk kunnskap på fleire område, mellom anna småbarnspedagogikk og organisasjonskultur. Funna indikerer også at samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonen og praksisbarnehage har fleire forbetringsområder. Det viser seg at mangel på kommunikasjon mellom partane kan gå på kostnad av studentane si kvalifisering til profesjonell yrkesutøving. At den enkelte student opplever og erfarer at praksisbarnehagen er ein trygg arena for øving, saman med tilstrekkeleg oppfølging av utdanningsinstitusjonen, er essensielt for å sikre kvalifisering av studentane. Dette er også ein avgjerande faktor for å utdanne barnehagelærarar med eigen yrkesidentitet som ønsker å bli i yrket, samt heve yrkesstatus og bidra til høgare søkartal til utdanninga.
Beskrivelse
Master i barnehagekunnskap. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen