Friluftsliv i lærarutdanninga: Nyutdanna kroppsøvingslærarar sine refleksjonar kring friluftslivundervisinga i lærarutdanninga
Abstract
Denne masteroppgåva ynskjer å høyre kva refleksjonar eit utval nyutdanna kroppsøvingslærarar gjer seg kring friluftslivundervisinga dei fekk i lærarutdanninga, og korleis den har påverka deira fagkunnskap i friluftsliv og evne til å gjennomføre utandørsundervising. Funna skal sjåast opp i mot Goodlad sin læreplanteori og Dewey sine tankar om erfaring og tenking, i tillegg til tidlegare forsking kring friluftsliv i skulen og lærarutdanninga. Datainnsamlinga vart gjort gjennom eit kvalitativt semistrukturert intervju med fem nyutdanna kroppsøvingslærarar. Det kom fram at informantane hadde eit varierande læringsutbytte frå friluftslivundervisinga i lærarutdanning. Naturglede, og friluftslivglede var positive element som vart trekt fram. Gjennom studiet viste det seg at studenter med mykje erfaring følte dei fekk lite læringsutbytte, og at refleksjon fekk lite til ingen plass i friluftslivundervisinga. Informantane uttrykte eit breit ynskje om meir friluftslivundervising i kroppsøvingsfaget i lærarutdanninga, med meir fokus på nærfriluftsliv. Naturglede og friluftslivglede var dei to elementa som informantane vart mest påverka av, og som dei uttrykka størst ynskje om å overføra inn i si yrkesutøving.
Description
Master i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, kroppsøving. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen