Show simple item record

dc.contributor.authorØvstetun, Kine
dc.date.accessioned2024-08-27T07:33:25Z
dc.date.available2024-08-27T07:33:25Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3148596
dc.descriptionMaster i samhandling og folkehelse Høgskulen på Vestlandeten_US
dc.description.abstractBakgrunn: Foreldrerettleiing vart ein obligatorisk del av introduksjonsprogrammet i 2021, der International Child Development Programme (ICDP) ofte er valt som eigna rettleiingsmetode. Kommunane står ansvarlege for å utøve desse foreldrerettleiingskursa til minoritetsforeldre i medhald av Integreringsforskriften (2021, §3). Føremål: Hensikten med denne studien var å skaffe meir kunnskap om minoritetsforeldre sine erfaringar med obligatorisk foreldrerettleiing, der ICDP-programmet er nytta som metode. Hensikten var også å finne ut i kva grad foreldrerettleiinga eventuelt kan ha påverka deira foreldrerolle. Samstundes bidreg studien til at ein får meir innsikt i minoritetsforeldra sitt møte med den norske kulturen generelt, der kulturskilnader er eit tema det særskilt vert sett lys på. Metode: Studien har hatt eit kvalitativt forskingsdesign med semi-strukturert intervju som datainnsamlingsmetode. Utvalet består av 6 informantar som vart intervjua; to par og to individuelle. Intervjua vart transkriberte til skriftleg form, og funna vart analyserte etter Malterud sin systematiske tekstkondensering. Vidare vart funna drøfta i lys av relevant teori og tidlegare forsking. Resultat: Informantane skildra kommunikasjonen gjennom ICDP-kurset som enkel og forståeleg, og kjende seg ivaretekne undervegs. Nokre formidla at det var godt å ha rettleiar som samtalepartner i ei krevjande tid, og at dei kunne snakke om barna, familien, noverande situasjon og eventuelle bekymringar dei hadde. Informantane skildra kurset som nyttig og lærerikt, og såg generelt positivt på å delta på kurset sjølv om nokre var skeptiske til det obligatoriske aspektet ved kurset i starten. Informantane formidla at dei lærte mykje om den norske kulturen og barneoppseding i ein norsk kontekst. Informantane sette ord på kulturskilnader som: lover og kultur, barneoppseding, barnevern, saknet av storfamilien, barnehage og utdanning. Informantane fortalte om fleire positive endringar som følgje av kurset, som; betra kommunikasjon og relasjon, betra tid og tolmod i møte med borna, nye rutinar, samt bevisstgjering av eigen foreldrepraksis. Konklusjon: Studien stadfestar tidlegare forsking på feltet, og kan med dette indikere at ICDP-kurset har hatt positiv innverknad på deltakarane, trass i at det er obligatorisk. Det vil likevel vere føremålstenleg å kontinuerleg evaluere målsetjinga til kurset opp mot praksis, for å best kunne ivareta framtidige deltakarar samt forbetre ICDP-programmet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title«Ikkje berre vere saman, men snakke saman» Ein kvalitativ studie om minoritetsforeldre sine erfaringar med ICDP-programmet i obligatorisk foreldrerettleiing.en_US
dc.title.alternativeA qualitative study about minority parents' experiences with the ICDP programme in mandatory parental guidance.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMS1-307en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal