«Ikkje berre vere saman, men snakke saman» Ein kvalitativ studie om minoritetsforeldre sine erfaringar med ICDP-programmet i obligatorisk foreldrerettleiing.
Abstract
Bakgrunn:
Foreldrerettleiing vart ein obligatorisk del av introduksjonsprogrammet i 2021, der International Child Development Programme (ICDP) ofte er valt som eigna rettleiingsmetode. Kommunane står ansvarlege for å utøve desse foreldrerettleiingskursa til minoritetsforeldre i medhald av Integreringsforskriften (2021, §3).
Føremål:
Hensikten med denne studien var å skaffe meir kunnskap om minoritetsforeldre sine erfaringar med obligatorisk foreldrerettleiing, der ICDP-programmet er nytta som metode. Hensikten var også å finne ut i kva grad foreldrerettleiinga eventuelt kan ha påverka deira foreldrerolle. Samstundes bidreg studien til at ein får meir innsikt i minoritetsforeldra sitt møte med den norske kulturen generelt, der kulturskilnader er eit tema det særskilt vert sett lys på.
Metode:
Studien har hatt eit kvalitativt forskingsdesign med semi-strukturert intervju som datainnsamlingsmetode. Utvalet består av 6 informantar som vart intervjua; to par og to individuelle. Intervjua vart transkriberte til skriftleg form, og funna vart analyserte etter Malterud sin systematiske tekstkondensering. Vidare vart funna drøfta i lys av relevant teori og tidlegare forsking.
Resultat:
Informantane skildra kommunikasjonen gjennom ICDP-kurset som enkel og forståeleg, og kjende seg ivaretekne undervegs. Nokre formidla at det var godt å ha rettleiar som samtalepartner i ei krevjande tid, og at dei kunne snakke om barna, familien, noverande situasjon og eventuelle bekymringar dei hadde. Informantane skildra kurset som nyttig og lærerikt, og såg generelt positivt på å delta på kurset sjølv om nokre var skeptiske til det obligatoriske aspektet ved kurset i starten. Informantane formidla at dei lærte mykje om den norske kulturen og barneoppseding i ein norsk kontekst. Informantane sette ord på kulturskilnader som: lover og kultur, barneoppseding, barnevern, saknet av storfamilien, barnehage og utdanning. Informantane fortalte om fleire positive endringar som følgje av kurset, som; betra kommunikasjon og relasjon, betra tid og tolmod i møte med borna, nye rutinar, samt bevisstgjering av eigen foreldrepraksis.
Konklusjon:
Studien stadfestar tidlegare forsking på feltet, og kan med dette indikere at
ICDP-kurset har hatt positiv innverknad på deltakarane, trass i at det er obligatorisk. Det vil likevel vere føremålstenleg å kontinuerleg evaluere målsetjinga til kurset opp mot praksis, for å best kunne ivareta framtidige deltakarar samt forbetre ICDP-programmet.
Description
Master i samhandling og folkehelse Høgskulen på Vestlandet